nyhende
No kan fleire teste seg ut av koronakarantene
No er karantenereglane endra, og alle nærkontaktar kan teste seg ut med ein heimetest. Regjeringa gjer denne veka ei ny vurdering av dei nasjonale tiltaka.
Endringane skjer etter at smittetala har skote i vêret den siste veka, med stadig nye rekordar. Smitteauken førte til at svært mange vart sitjande i karantene.
– Det hastar å gå over til eit testregime som erstatning for karantene, sa helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) då dei nye karantenereglane vart lagt fram i ei pressemelding måndag kveld.
Krav om innreisekarantene blir oppheva
I tillegg blir no òg kravet om innreisekarantene når ein kjemt til Noreg oppheva for personar utan gyldig koronasertifikat. Regjeringa meiner kravet ikkje lenger er smittevernfagleg nødvendig.
Fram til no har personar som har komme til Noreg frå eit område med karanteneplikt, og som ikkje har kunna dokumentere at dei er fullvaksinerte eller har gjennomgått covid-19, måtta gå i innreisekarantene.
Men reisande utan koronasertifikat har berre utgjort rundt 7 prosent av registrerte reisande. Folkehelseinstituttet (FHI) har derfor meint at innreisekarantene har lite å seie for utviklinga av epidemien og for sjukehuskapasiteten.
Dei nye karantenereglane tredde i kraft ved midnatt natt til onsdag.
Rom for å lette på tiltak
Framleis er det ei rekkje strenge koronatiltak som gjeld i Noreg, mellom anna pålegg om heimekontor, skjenkjestopp klokka 23 og krav om bordservering på restaurantar og serveringsstader, publikumsavgrensingar på arrangement og munnbindpåbod i gitte situasjonar.
Fleire har teke til orde for at dagens situasjon gir rom for å lette på nokre fleire tiltak. Blant dei er fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstituttet.
– No ser vi kanskje at tiltaka gir større belastning enn sjukdommen i seg sjølv. Derfor skriv vi og vurderer dette fortløpande til regjeringa for å justere ting, sa han til VG tysdag
Fleire land opnar opp
Fleire land har den siste veka letta på koronatiltak, blant dei Storbritannia. Også i Danmark går det mot at tiltaka skal avviklast 31. januar.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) vil ikkje love at noko liknande skjer her til lands med det første. Det vil komme nyheiter om dette seinast tysdag neste veke, varslar Støre.
– Då vi gjorde reelle lettar 14. januar, varsla vi at vi ville la det gå to veker og ha ein full gjennomgang med opning for lette undervegs, sa Støre til VG tysdag.
Helseminister Ingvild Kjerkol sa òg til TV 2 at det er naturleg å sjå på lette. Denne veka gjer regjeringa ei grundig vurdering av dei nasjonale tiltaka for å vurdere vegen vidare.
– No toler vi meir smitte, og då er det naturleg å sjå på lettar, og det gjer vi, sa ho.
(©NPK)