nyhende
No kan du sjekka om tippoldefar gjorde leksa si
500 skuleprotokollar fram til år 1920 er no tilgjengelege frå Digitalarkivet, ei perfekt moglegheit for slektsgranskarar og andre til å gjera seg kjende med både slekts- og skulehistoria i Noreg.
I samband med slektsgranskardagen 31. oktober arrangerer Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKA Hordaland) i samarbeid med Statsarkivet i Bergen/Arkivverket og Bergen byarkiv eit digitalt protokollslepp.
Mykje informasjon å henta
Skuleprotokollane som no blir slepte inneheld i hovudsak lister med elevar og oversyn over deira karakterar i enkeltfag. Ofte har også læraren skrive spesifikke notat om kva lærestoff elevane har vore gjennom, særleg i faget «bibelhistorie».
Desse protokollane inneheld også i mange tilfelle læraren sine kommentarar om elevane sine meir generelle evner, kva år dei er konfirmerte, kvar eleven med sin familie flyttar og inventarlister.
Barneskular i Sveio
Protokollar for barneskulane i Valestrand kommune 1869-1896, for krinsane Økland, Otterøen, Fagerland og Vestvik krinsar i Finnås prestegjeld, finn du her.
Protokollar for barneskulane i Sveio kommune 1862-1915, for krinsane Bråtvedt, Bua, Eilerås, Eltrevåg, Emberland, Færås, Haukaas, Kvalvåg, Lid, Lokna, Mølstre, Vandaskog, Vikse, Våge, Nordre Våge, Rød, Sveen, Tjernagel, Tveita og Åse i Sveen prestegjeld, finn du her.
Protokollar for barneskulen Økland, desember 1870, finn du her.