nyhende

Etter stor etterspurnad sender Havforskingsinstituttet live frå hummarteina for 11. året på rad.
Etter stor etterspurnad sender Havforskingsinstituttet live frå hummarteina for 11. året på rad.

No kan du sjå hummarteina minutt for minutt

For 11. året på rad, sender Havforskingsinstituttet (HI) live frå hummarteina på havbotnen. I ti dagar kan du følge med på kva som rører seg der nede.

Publisert Sist oppdatert

Søndag 1. oktober starta live-sendinga frå hummarteina utanfor forskingsstasjonen til HI i Flødevigen. Der følger kameraa aktiviteten i og rundt ei hummarteine i over ei veke framover.

Hummarteina ligg i eit hummarreservat og målet er å registrere, måle og vege eventuelle humrar som er på besøk. Dei vert henta inn kvar dag for registrering, for så å bli ut att i sjøen.

Havforskingsinstituttet har over 15 år med data frå hummarreservatet. Allereie registrerte humrar blir henta opp og forskarar samanliknar vekt, lengde og breidda på knusekloa og sjekkar kor vidt dei har skadar på klørne eller om ei hoe har hatt rogn. Nye besøkjande avlegg genprøve og vert merkte.

Powered by Labrador CMS