nyhende
No kan du møta sjukehuslegen på video
Men då må du registrera samtykke først. Helse Fonna ber no alle innbyggarar som ønskjer moglegheit for sjukehustime på video om å registrere sitt samtykke på helsenorge.no.
– Videokonsultasjonar vil gjera det mogleg å gjennomføra sjukehustimar som elles kan bli utsette på grunn av koronasituasjonen. No jobbar vi for å rigga oss for dette internt i sjukehusa og ber samtidig innbyggarane om å registrera sitt samtykke for at det skal vere mogleg å kalle inn til slike videokonsultasjonar.
Det seier prosjektleiar Torunn Skogland i Helse Fonna i ei pressemelding. Ho understrekar at ein framleis må ha tilvising frå fastlege for å få time i sjukehus.
Som ein vanleg time
– Dette vil fungera som ein vanleg sjukehustime, berre at det er på video. Både psykisk helsevern og somatikk vil ta i bruk denne tenesta, seier Skogland.
Nokre timar er det likevel ikkje aktuelt å ta på video.
– Dersom ein for eksempel skal ta prøvar, eller legen må undersøka deg fysisk, vil det sjølvsagt ikkje vera aktuelt med ein videokonsultasjon. Men for veldig mange sjukehustimar vil dette vera eit godt alternativ. Særleg no når timen elles kanskje ville ha blitt utsett, seier Skogland.