nyhende

Det er beøksliste, handsprit og reine kulepennar på biblioteket i Vigdartun. Som eit smitteverntiltak, må alle besøkande skriva seg inn, seier Ellen Stople.
Det er beøksliste, handsprit og reine kulepennar på biblioteket i Vigdartun. Som eit smitteverntiltak, må alle besøkande skriva seg inn, seier Ellen Stople.

No kan du låna nesten når du vil igjen

Publisert Sist oppdatert

Etter å ha vore utilgjengeleg lenge, kan ein no bruka Sveio folkebibliotek nesten når ein vil igjen, uavhengig av opningstidene. Dersom du har lånekort, avtale og intensjon om å oppretthalda smittevernreglane kan publikum no benytta seg av Meirope bibliotek. Brukarane har tilgangskort til Vigdartun for å låna bøker og anna på sjølvskannaren 92 timar i veka, frå morgon til kveld. Tenesta, som blei lansert seint i 2018, har vore stengt sidan mars i år. Ønskjer du betening, vil biblioteksjef Ellen Stople vera å treffa måndagar og onsdagar framover.

Powered by Labrador CMS