nyhende
No kan du booka sjukehotell i Haugesund
Pasientar med lang reiseveg, eller pårørande til innlagde pasientar, har mange gonger behov for overnatting. No inngår Helse Fonna og Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus (HSR) eit samarbeid om sjukehotell.
– Me startar opp med fem overnattingsrom i 2. etasje på Revmatismesjukehuset, to dobbeltrom og tre enkeltrom. Sjukehotellet er ikkje bemanna. Ein føresetnad for å overnatte er at du greier deg sjølv. Romma kan bestillast om du til dømes har lang reiseveg og skal til time eller operasjon på Haugesund sjukehus eller HSR tidleg neste morgon, seier administrerande direktør Kari Nådland på HSR.
Opnar denne vekabook
Sjukehotellet er ikkje for innlagte pasientar, og pasientane må sjølv søkje refusjon frå Pasientreiser etter gjeldande reglar. Gjester ved sjukehotellet må vere i stand til å greie seg sjølv.
Frå og med i dag, onsdag 12. mars, er det mogeleg å booka. Rom må reserverast på førehand, og ein må ha med stadfesting ved innsjekking, opplyser Helse Fonna i ei pressemelding.
Frukost er med i prisen
Prisen for ei natt på enkeltrom er i 850 kroner, og inkluderer frukost, som ein kan få i kantina i 3 etasje på Haugesund sjukehus. Prisen for dobbeltrom er 1.050 kroner. Rom kan bestillast via e-post eller gjennom direkte kontakt med avdelinga ein skal inn til.
Sjukehotellet vil prioritera personar som ikkje er inneliggande, men som skal eller har vore til behandling, og har lang reiseveg. Deretter pårørande til pasientar, i første rekke pasientar på intensivavdeling og til barn. Om det er ledig kapasitet kan innleigde medarbeidarar og vikarar få bu inntil ei veke.
Ordninga skal evaluerast etter sommaren. Då vil ein også vurdera om ein i framtida skal etablera pasienthotell.