nyhende

No har spørsmålteikna fått selskap – av hol!

November i fjor vart Vestavind tipsa om ein kar som hadde tagga spørsmålteikn over humpar og hol på vegen til Auklandshamn. Eit halvt år seinare er vegen den same, berre med fleire hol.

Publisert Sist oppdatert

Det var ein solrik dag i november i fjor at Vestavind balanserte på autovern og la seg på magen midt i vegen for å ta bilete av det mystiske fenomenet. Spørsmålteikn vart tagga rundt humpar og hol på vegen til Auklandshamn frå E39-krysset.

På veg til ein reportasje i Auklandshamn om noko heilt anna seks månadar seinare, ser vegen framleis lik ut. Berre at no er det kome to nye hol langs Krokavatnet.

Beklagelegvis var ikkje den faste hol-testaren, Vestavind-flaska, til stades i bilen. Difor måtte holet ta til takke med kameraveska, men heldigvis var det god plass.

Veit du om eit hol me burde sjå på? Tips oss på tips@vestavind-sveio.no!

Powered by Labrador CMS