nyhende
No har rådmannen vore på pledd-handel
Konstituert rådmann Ingunn Toft i Sveio kommune viste fram dei nye pledda som sto klare i kommunesalen onsdag. Dei varmande sparetiltaka skaffa ho sjølv ifrå ein interiørbutikk i Haugesund.
— Me har ikkje sprengt budsjettet for å sei det sånn, seier konstituert rådmann Ingunn Toft.
Tysdag gjekk ho sjølv til innkjøp av sju pledd som skal liggje i kommunesalen, slik at møtedeltakarar som ikkje er kjend med sparetiltaka skal frysa.
— Dei kosta 85 kroner kvar, seier Toft.
— Kvar kjøpte du dei?
— Ifrå Jysk.
Toft har tidlegare forklart at dei eigentleg ville kjøpe pledda lokalt, men dette lot seg ikkje gjere, då det korkje var pledd for sal eller mogeleg å bestille inn.
Rådmannen gjorde i formannskapsmøtet måndag 17. oktober greie at Sveio kommune gjer fleire tiltak for å spare straum, mellom anna senke temperaturen to gradar i kommunehuset, til 19 gradar.
Verneombodet har påpeika at gjestar som sit ved vindauga i kommunesalen, vil få det enda kaldare enn 19 gradar grunna varmetap gjennom vindauga.
Difor har rådmannen skaffe sju pledd som no er på plass.