nyhende

Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp), her saman med leiar Bjørn Gimming i Noregs Bondelag og tidlegare leiar Kjersti Hoff i Norsk Bonde- og Småbrukarlag i samband med jordbruksoppgjeret i fjor. FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB/ NPK
Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp), her saman med leiar Bjørn Gimming i Noregs Bondelag og tidlegare leiar Kjersti Hoff i Norsk Bonde- og Småbrukarlag i samband med jordbruksoppgjeret i fjor.

No går startskotet for jordbruksforhandlingane

Onsdag formiddag leverer Bondelaget krava sine til jordbruksoppgjeret. Opptakta har vore prega av uforsonleg strid om kor mykje bøndene skal krevje.

Publisert Sist oppdatert

Etter fleire dagars harde forhandlingar internt, klarte ikkje organisasjonane til bøndene å bli samde seg imellom om kor mykje dei skal krevje i jordbruksoppgjeret. Det har ikkje skjedd sidan forhandlingsinstituttet vart etablert at Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag ikkje fremjar eit felles krav i møte med forhandlarane til staten.

— Det er uheldig og krevjande at organisasjonane til jordbruket ikkje har vorte samde om eit felles krav i år, men no er det heilt nødvendig at vi kjem vidare med forhandlingar. Regjeringa har peika på Noregs Bondelag, som er den organisasjonen som har anerkjent føresetnadene for jordbruksoppgjeret, sa landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) måndag ettermiddag.

Forhandlingsdelegasjonen til staten møter dermed berre Bondelaget klokka 10 onsdag. Bondelaget skal forhandle på vegner av heile jordbruket.

Forhandlingane skal etter planen avsluttast innan 16. mai.

— Kravd etter behov

Norsk Bonde- og Småbrukarlag er ikkje ein del av forhandlingane, men medlemmene i organisasjonen vil likevel fullt dra ut nytte av resultatet som til slutt blir vedteke i Stortinget. Men organisasjonen, som relativt tydeleg signaliserte at dei ønskte eit romslegare økonomisk krav enn Bondelaget, treng dermed heller ikkje stå til ansvar for eit potensielt upopulært forhandlingsresultat.

— Vi har kravd etter behov og ikkje etter det vi trur regjeringa godtek, sa leiar Tor Jacob Solberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag då brotet med Bondelaget var eit faktum.

Kva Bondelaget fremjar som krav er hemmeleg fram til krava blir presenterte på ein pressekonferanse klokka 11 onsdag. Regjeringa legg fram tilbodet sitt først halvanna veke seinare.

Fekk mindre enn føresett

Statsråd Borch gir organisasjonane til bøndene rett i at den berekna inntekta i år er vesentleg lågare enn den ein la opp til i jordbruksoppgjeret i fjor – rundt 15.000 kroner lågare, følgje organisasjonane. Dermed ligg det an til reallønnsnedgang for jordbruket i år. Prisveksten er anslått til å ende på 4,9 prosent.

— Veksten frå 2021 til 2023 er litt mindre enn oppgjeret i fjor søkte å leggje til rette for. Vi vil gå grundig inn i tala og legg dei til grunn for forhandlingane om ein ny jordbruksavtale, seier ho.

Det heiter mellom anna i Hurdalsplattforma at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet skal jamnast ut. Og det skal gjerast i samband med nettopp jordbruksoppgjeret.

Forhandlingane denne våren gjeld for kommande år. Bøndene ligg i år an til ein gjennomsnittleg inntektsvekst per årsverk på 12.700 kroner, tilsvarande 2,7 prosent. Til gjengjeld viser fasiten for 2022 at den samla inntekta til bonden – vederlag for arbeid og eigenkapital inkludert effekten av jordbruksfrådraget – steig med 14,4 prosent, tilsvarande 58.900 kroner.

Powered by Labrador CMS