nyhende
– No går barna mine ei veldig usikker framtid i møte
Firebarnsmora Susanne Fresvig vert råka av Fv. 541-vedtaket og er rasande på kommunestyret etter måndagens vedtak. Sidan barndomen har ho og systrene drøymd om å bu side om side. No vil dei alle flytta frå Sveio.
Bakerst i kommunesalen sat det måndag ein familie og høyrde på argumenta for og imot detaljeregulering av Fylkesveg 541. Dei fekk draumane sine knuste då fleirtalet røysta gjennom ny veg. Den skal nemleg gå gjennom familietomta til familien Fresvig.
– Foreldra våre busett seg her for å gje oss tomta i arv, seier Henriette Fresvig.
Ikkje leveleg for barna
I mange år har dei budd ved sida av Åsevatnet rett utanfor Sveiobygda. Susanne Fresvig har slått seg ned og bur der med fire barn. Systrene Henriette og Ida ynskte å byggja hus på same tomt og saman ha eit familietun.
– No må eg selja huset og flytta. Eg har ikkje anna val. Det er ikkje leveleg for barna, seier Susanne etter røystinga.
Med barna har ho budd der i åtte år, i seks av dei har saka om vegen vore handsama. Planane kom som ei overrasking, og dei vart førespegla utbetring i hovudsak for mjuke trafikantar, til dømes barna hennar.
– Men no vart me overkøyrd og enda med eit forslag som ikkje tek omsyn i det heile tatt, seier Susanne.
Føler seg lurt
I ein kommune med sterkt behov for folk som vil busetja seg og få barn, verkar vedtaket uforståeleg for systrene.
– Politikarane har snakka mykje om at dei vil ha fleire sveibuar, og så gjer dei dette. Eg har stått for vekst og har fire barn, og har tre systrer som vil slå seg ned her, seier Susanne.
– Det skjer ikkje, seier Ida Fresvig.
– Kvifor trur dei folk flyttar til Sveio? Ein vil bu landleg. At dei ikkje klarar å ta omsyn, seier ei frustrert Henriette.
Dei er provoserte over vegsaken både fordi dei føler seg lurt og at kommunen har gått bak ryggen deira. Men mogelegvis verst av alt er kva dei no kjem til å mista.
– Me mista pappa i 2018, og i 2019 fekk me teikningar som visar at det kjem veg rett gjennom garasjen hans. Han er gravlagt i Sveio, men det er i garasjen me minnast han. Det var der me alltid fann han, seier Henriette og legg til:
– No tek dei pappa frå oss, seier ho.
– Dette viser kva kommunestyret står for, pengar, seier Ida.
Meir tungtrafikk uansett, med eller utan ny veg
Måndag kveld argumenterte politikarar mot og for vedtaket. Årsakene til å røysta for kan summerast følgjande:
- Sveio kan mista finansiering frå fylkeskommunen til ny veg, og få den utsett i mange, mange år til.
- Trafikken kjem til å auka uansett kva Sveio gjer.
- Vert ikkje noko gjort med vegen vil den berre verta farlegare grunna meir trafikk, både for lokale og tungtrafikken.
Forkjempar for vegen Mikal Møller Hovda (H) understrekar at det er viktig at vegen kjem, og at den kjem snart. Det vil påverka nokon negativt uansett meiner han.
– Dei vert berørt uansett om den vert flytta litt, seier Hovda.
– Nokre av bebuarane føler seg lurt, og seier det opphaveleg skulle berre utbetrast for mjuke trafikantar?
– Det vert betre for dei no enn slik det er i dag, og det er det viktigaste, seier han.
Vanskeleg å røysta over
På spørsmål om kva ho tenkjer etter røystinga om Fresvig-familien, og at firebarnsmora vil flytta og systrene hennar ikkje busetja seg i Sveio, svarar representant og tidlegare ordførar Linn Therese Erve (Ap):
– Det er sjølvsagt uheldig at det får konsekvensar for nokon, og forståeleg at dei protesterer sterkt. Samstundes er me ansvarlege for å tenkja i eit overordna perspektiv. Når ein byggjer veg så går det ofte dessverre utover nokon, seier Erve.
– Var det ei vanskeleg sak å røysta for?
– Ja, det var det, svarar ho.
Sjølv om Susanne er godt etablert i Sveio, er ho ikkje freista til å bli verande i kommunen.
– Dei driv mamma vekk og tek pappa sin garasje. Då har me ingenting. Framtida er ikkje her, seier ho.