nyhende

I 1998 kunne reisande og andre interesserte halde seg oppdaterte på innkomstar og avgangar på Oslo lufthamn ved hjelp av NRKs tekst-TV. Arkivfoto: Bjørn Sigurdsøn / NTB / NPK
I 1998 kunne reisande og andre interesserte halde seg oppdaterte på innkomstar og avgangar på Oslo lufthamn ved hjelp av NRKs tekst-TV.

No finst ikkje NRKs tekst-TV meir

Som varsla la NRK ned sitt tekst-TV-teneste med verknad frå onsdag. Mediehuset har forklart det med tekniske feil og mykje vedlikehald.

Publisert Sist oppdatert

NRK kunngjorde avgjerda i juni i år, men understreka samtidig at all informasjon som til no har vore tilgjengeleg på tekst-TV, også er tilgjengeleg på nettsidene deira.

Tekst-TV kom i 1983, og no, 42 år seinare, er det altså slutt.

– Dei siste åra har tenesta vorte stadig vanskelegare å halde ved like for NRK, og det har ført til mange tekniske feil. Faren for fleire alvorlege feil gjer at NRK vel å avvikle tenesta, skreiv NRK sjølv.

Fleire andre medium har også lagt ned sin tekst-TV, blant dei TV 2, som la ned tekst-TV i 2017. I 2019 slutta leverandøren Get å tilby tekst-TV på nye dekodarar.

Då tekst-TV kom, var det det første mediet som ikkje var avhengig av faste tidspunkt for sending og publisering, skreiv NRK i samband med tekst-TVs 40-årsjubileum i 2023.

Powered by Labrador CMS