nyhende
No får alle veljarar informasjon om stemmerett
Valdirektoratet sender i desse dagar ut informasjonsbrev om stortingsvalet til alle veljarar som er busette i Noreg.
– Totalt blir det sendt ut rundt fire millionar informasjonsbrev. 3,77 millionar får informasjonen tilsendt digitalt via Digipost, e-boks eller Altinn. Dei resterande får brevet fysisk i posten, seier direktør for fagavdelinga Elin Olderlund Westby i Valdirektoratet i ei pressemelding.
Før førehandsstemminga startar
Det inneheld informasjon om mellom anna framgangsmåte, stadfesting på stemmerett, legitimasjon og førehandsstemming.
Veljarane kan førehandsstemme i kva kommune som helst frå 11. august til og med 5. september. Alle skal ha fått informasjonen før førehandsstemminga opnar.
Erstattar valkortet
Informasjonsbrevet erstattar valkortet som tidlegare har vorte sendt ut.
– Denne ordninga vart avvikla med ny vallov, og frå og med stortingsvalet 2025 blir det sendt eit informasjonsbrev til veljarane med nyttig informasjon om valet, seier Westby.
Ein treng berre å ha med legitimasjon når ein skal stemme. Gyldig legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort og førarkort.