nyhende
No er tre bedrifter i Sveio med på matreddar-ordning
To daglegvarebutikkar i Sveio er no å finna på matreddar-appen Too Good To Go, som koblar butikkar, bakeri, hotell og serveringsstader som har mat til overs saman med folk som vil redda maten til redusert pris.
I Sveio har Haugli Bakeri vore med på konseptet lenge. No tilbyr også Valevåg Landhandel og Auklandshamn Dagligvare forundringsposar som kan kjøpast i appen og hentast før stengetid.
– Både store og små butikkar må handtera svinn, men det hender dei har litt ulike utfordringar. I distrikta rullerer ikkje alltid vara like raskt som på større stader. Viss ein som kjøpmann sit på eit knippe overskotsvarer på slutten av dagen, kan appen vera ei god løysing, seier Marianne Schulstad Johannessen, driftsdirektør i Nærbutikken og Joker i ei pressemelding.
Det er ei overrasking kva som er i posane, for butikkane kan ikkje vita kva som blir til overs på førehand, men det kan vera bakarvarer, frukt og grønt, og datovarer. Ein slik forundringspose kostar under femtilappen.