nyhende
No er restane køyrde bort
Grindehuset ved kommunehuset har vore nede ei stund. Onsdag vart materiala frå bygget fjerna frå plassen.
– Sjølve bygget blei teke ned for ei stund sidan då me oppdaga at det var råte i desse beina som ber konstruksjonen, seier einingsleiar for drift og vedlikehald i Sveio kommune, Frederik Aalo Flood.
Det gamle bygget var byggja som eit grindabygg, ei tradisjonell byggjemåte med lange røter på Vestlandet.
Grindehus er bygde i grindverk, der trestolpar på tvers ber huset
Bygget blir erstatta
Onsdag vart materiala frå bygget fjerna, og den vesle flekken der bygget stod, vart klargjord for eit nytt bygg.
Annonse
– Det skal komma eit nytt bygg på same måten. Det blir ei slags gapahuk der folk kan sitja og kosa seg. Det blir ein fin plass, og det kjem nok på plass litt før sommaren startar, seier Flood.