nyhende

No er lynsesongen i gang

Sommaren er høgsesong for lyn og torevêr. Dette bør du gjere når det smell.

Publisert Sist oppdatert

– Varme sommarmånadar legg til rette for lyn og tore, seier Svein Thore Hagen, professor i elkraftteknikk ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), til Nynorsk pressekontor.

Juli og august er òg dei verste lynmånadane i året når det gjeld skadestatistikken, ifølgje ei pressemelding frå Frende Forsikring.

Dette bør du unngå

Folk har mange oppfatningar om korleis ein burde oppføre seg når det gjeld lynvêr.

– Eg har til dømes høyrt mange gonger at folk tenkjer at det er gummien i dekka på bilen som beskyttar, men eigentleg er det karosseriet, men det er likevel sant at å setje seg i bilen er eit godt alternativ til å søkje ly om ein ikkje har moglegheit til å kome seg inn i eit hus, fortel Hagen.

Når det lyner og torer, så er det også som regel regnvêr. Då er det ikkje lurt å stille seg under eit tre for å kome unna dropane. Sjølv om treet gjer at du unngår å bli våt, vil det ikkje beskytte deg mot lynnedslag.

Dersom ein er på fjelltur når ein ser skyene mørknar til, då gjeld det verkeleg å snu.

– Å gå på fjelltur når det lyner er noko av det farlegaste ein gjer. Høgder tiltrekker seg lyn, og det er mindre vegetasjon som kan beskytte deg mot lynnedslag, forklarar professoren.

Negativt lotteri

– Folk tar mange gode grep, og det er gledeleg å sjå at mange gjer noko for å ta vare på tinga sine. Skadeførebygging kan spare deg for mykje pengar, seier brannekspert i Frende Forsikring, Øystein Øren.

Han trekker fram skadar på elektriske anlegg som ein typisk skade når lynet slår ned i hus og hytter.

– Brannskadar er den store gjengangaren. Vi får inn meldingar om ting og tang som blir skada av lynet kvart år, seier Øren.

Eit førebyggjande tiltak mange har høyrt om, er at ein helst skal trekkje ut kontaktar på elektroniske duppedingsar, men stemmer dette?

– Personleg så drar eg ikkje ut kontaktar, men det blir litt som eit negativt lotteri. For meg er ikkje den praktiske gevinsten stor nok samanlikna med risikoen, men det er alltid klokt å dra ut kontaktane likevel om ein er bekymra, seier professoren.

– Samstundes er det mest praktiske tiltaket om ein er redd for lynskader i huset sitt, å skaffe seg ein lynavleiar til sikringsskapet sitt, seier Hagen.

Dette gjer du når det lyner

* Installer overspenningsvern i sikringsskapet

* Trekk ut kontakten

* Bruk ekstern ladar og datatrafikk

* Husk at lynet stort sett slår ned i det høgaste punktet

* Dropp paraply og fiskestong

* Det er tryggare i bilen enn ute

* Ikkje bad når det lyner

* Det er trygt å bruke mobiltelefon

(Kjelde: Frende Forsikring)

Powered by Labrador CMS