nyhende
No er lamminga i full gang
Nyfødde lam er eit sikkert vårteikn og eitt av vårens vakraste eventyr for svært mange. Hos Anne og Frode Handeland på Dyngjo har dette eventyret så vidt starta denne sesongen.
– Til no har me berre fått sju lam, sa Anne Handeland då Vestvind var innom sauefjøset hennar tidleg i veka.
Ho hadde eigentleg ikkje venta dei første lamma før ei god veke seinare, men understrekar at ho er klar til å ta imot dei som måtte koma når tida for deira del er inne.
Interessert fireåring
Denne dagen hadde Handeland også assistanse av dottera Lena Bakke Handeland og barnebarna Tilje på fire og eit halvt og Marthon på to og eit halvt.
– Tilje er spesielt interessert i sauer og lamming. Ho vil ofte vera med i fjøset og var også med søndag kveld då fleire lam kom til verda, fortel ei stolt mormor.
Anne og Frode Handeland har ei allsidig drift på garden sin. Mjølkeproduksjon er hovudproduksjonen. Dessutan har dei ammekyr og altså sauer. I tillegg driv dei med avl og opptrening av border collie gjetarhundar.
Allsidig drift
– Me ventar lam frå 105 sauer. I tillegg har me ein flokk ute som ikkje tok lam i år, forklarar ho.
Med eit venta gjennomsnitt på to lam per sau kan dei dermed sjå fram til rundt 210 lam på garden. Så langt har det kome fleire tvillingpar, men også nokre einslege lam som er med på å dra statistikken ned.
Dei sauene som alt har fått lam, og dei som snart skal lamma, er samla inne i sauefjøset. Den dagen me var på besøk, venta mellom anna vaksinering av alle dei drektige dyra. Dei som alt har fått lam, får vaksinen seinare. Lamma får etter kvart vaksinen gjennom morsmjølka og blir såleis førebudde på utelivet på beite.
– Problem med ørn
Flesteparten av sauene som brekar mot oss inne i fjøset, er av rasen norsk kvit sau. Men dei har også selskap av ein mindre flokk villsauer. Desse klarar seg til vanleg godt ute og føder som oftast utan hjelp. Når Handeland likevel også held villsauene inne før nedkomsten, er det for å beskytta lamma mot rovvilt.
– Me har eit stort problem her med ørn som tar lam på beite. Difor held me dei inne i alle fall ei vekes tid etter fødselen. Kanskje meir om vêret er ulagleg, forklarar ho.
Som vanleg hos sauebønder er tida rundt lamming svært travel. Då er det full fart og jobbing både dag og natt. Handeland forklarar at dei, som mange andre, har kameraovervaking i fjøset og dermed kan følgja utviklinga heimefrå og slepp stå opp og gå i fjøset nattetid før det verkeleg trengst.
Mange sauebønder planlegg slik at lamminga skjer rundt påsketider. I år er påska tidleg, og fleire sauebønder me har snakka med, ventar difor ikkje hovudtyngda av lamma før om eit par veker.