nyhende

No er innsyn i kommunen mogeleg att

Overgangen frå gamalt til nytt datasystem i kommunen gjekk ikkje knirkefritt. I over ein månad har postlista, mogelegheita for innsyn i kommunale saker, vore nede. No er den oppe att.

Publisert Sist oppdatert

For dei som er interessert i kva som skjer i kommunen, nysgjerrig på kva som handsamast, eller ein av dei som ventar på svar, så har postlista vore perfekt. Det er ein del av kommunen si nettside kor ein kan få innsyn i kva som kjem inn og ut av post, vedtak og brev som er offentleg.

Då Sveio kommune for mange veker sidan skulle gå over til eit nytt datasystem, så sa det plutseleg stopp. Kommunalsjef for teknisk, Kenneth Tollefsen, fortel at det oppstod uventa problem og at dei har jobba kontinuerleg for å løysa dei.

– Det har teke lengre tid enn me først tenkte, sa han måndag den 27. november.

Tollefsen forklara at arbeidsgruppa jobba pågåande med å få ny løysing på plass, og at det er nokre svært viktige omsyn som dei må ta.

– Dei må sjekka at det fungerer å leggja ut i postlista, men samstundes sjekka at alt som vert publisert er riktig også i samanheng med personvern, sa han då.

Sidan det var over ein månad med upubliserte dokument var det difor ein jobb som tok litt tid. Onsdag 29. november kom kommunalsjefen med gladmeldinga.

– Postlista er nå på plass, skreiv Tollefsen i ein sms onsdag føremiddag.

Powered by Labrador CMS