nyhende
No er Golfståvo offisielt opna
Sveio si andre dagsturhytte er nå offisielt overrekt og opna.
Sveio har nå som den einaste kommune i Vestland, to dagsturhytter til disposisjon for turgåarar. I juni blei Nipaståvo innvia, søndag var det Golfståvo sin tur.
Lett tilkomst
Dagsturhytta som er plassert på Sveio Golfpark, er heilt lik Nipaståvo, med peis, solceller og vedfyrt omn, med unntak av sanitæranlegg i tilknyting til hytta. Hytta er tilrettelagt for universell tilkomst, barnevogner og rullestolbrukarar, og når dermed ei større brukargruppe enn hytta på Emberlandsnipen. Du brukar berre rundt 20 minuttar å gå frå parkeringa.
160 dugnadstimar
Ifølgje styreleiar i Sveio Golfpark og prosjektleiar, Per Bjørn Habbestad er det utført ca 160 timar med dugnadsarbeid på dagsturhytta – fordelt på ca 20 personar. Dugnadsarbeidet føregjekk i september og då var hytta klar til å takast i bruk. Blant arbeidet som er gjort er tilrettelegging av tomt, hogst og rydding rundt hytta, fundamentering og montering av terasse med universell tilkomst, oljing innvendig, i tillegg til innreiing og pynting.
– Dugnadsgjengen har synt stor iver og arbeidsinnsats. Dagsturhytta vil bli eit flott turmål for mange i golfparken, kommenterer Habbestad.
Opningsdagen skildrar han slik:
– Det var flott oppmøte, med mykje folk og god stemning. Inne i hytta var det lesestund for barna, ute var det grillpølser og kaffi til dei vaksne.
Mange å takka
Ordførar Linn Therse Erve stod for den offisielle opninga. Ho håpa at Golfståvo blir mykje brukt, av både store og små.
– Plasseringa til Nipaståvo på veg opp mot Emberlandsnipen, er fantastisk. Når me kunne få ei ny hytte var det viktig for meg, og Sveio kommune, at den var universell tilgjengeleg. Golfparken er utruleg flott, med populære turvegar og lysløype. Det var derfor svært gledeleg at Golfparken var positive til at plassering blei her. Eg vil takka Golfparken og Per Bjørn Habbestad for samarbeidet. Eg vil og retta ei takk til Haugaland kraft for gåva på 100.000 kroner og alle som har vore med på dugnadsarbeid på Golfståvo.
Ho retta óg ein takk til Marit Persen Liknes i Sveio kommune, for hennar innsats og arbeid med begge Dagsturhyttene, og ikkje minst Barnas turlag som stilte opp på opninga.
Open 24/7
Golfståvo blir eit nytt samlingspunkt, der ein kan eta niste og drikka kaffi i løypa. Dagsturhytta skal vera open 24 timar i døgeret sju dagar i veka.
Sveio Golfpark har stilt tomt til rådvelde, utført grunnarbeid og påteke seg tilsynsansvar for hytta. Prosjektet er finansiert av Sveio kommune, med tilskot frå Haugaland Kraft, BKK og spelemidlar.