nyhende

No er folketeljinga for 1920 tilgjengeleg i Digitalarkivet

Dei aller fleste vil finna ny og spennande informasjon i folketeljinga for 1920 som no er lagt ut.

Publisert Sist oppdatert

I dag, 1. desember, blei folketeljinga for 1920 publisert på Digitalarkivet. Dette er ei unik historisk kjelde til informasjon om Noregs befolkning, og gir ein augneblink av samfunnet for hundre år sidan.

– Dette er det mange som har venta på. Folketeljingane er viktige for alle som driv med slektsgransking og lokalhistorie, og dei er det mange av. I tillegg kan opplysningane bidra til ny innsikt for forskarar innafor fleire ulike disiplinar, seier riksarkivar Inga Bolstad.

Omfattande og detaljert

Ifølgje riksarkivaren er 1920-teljinga meir omfattande enn tidlegare teljingar. I tillegg til mange opplysningar om einskildpersonar, seier den også noko om kven som var til stades i huset ved teljingstidspunkt og – for første gong – detaljar om buforhold.

Det blei også laga statistikk over vanføre og arbeidsudyktige, og i Nord-Noreg blei nasjonalitet og språk registrert.

Kva meir kan me finna ut?

I folketeljinga for 1920 kan du finna både kjente og ukjende nordmenn, og sjå korleis dei levde og kven dei budde saman med. Du kan til og med finna ut kven som var på besøk kor, akkurat på dagen 1. desember 1920.

Folketeljingane girogså hintom korleis einkanfinna igjen personar og relasjonar.Til dømes kan einperson i Sveio«forsvinna» frå kjeldene etter teljinga i 1910, og ein veit ikkje kor ein skal leita vidare.I 1920-teljingakan ho dukkaopp som gift i Oslo,med ektemann og born fødd i Stavanger. Dermed kan ein nøsta vidare ikyrkjebøker og andre kjelder for Stavanger for å få vita meir om henne og familien.

Gå til folketeljinga 1920 her.

Powered by Labrador CMS