Natt til måndag byrja dei nye og strengare reglane for nødpass å gjelde. Dermed kan ikkje lenger utanlandsferien reddast med et nødpass. Folk som kan dokumentere at dei oppfyller dei nye kriteria, kan framleis få nødpass.FOTO: NPK
No er det for seint å få nødpass for å komme seg på ferie
Feriereiser kvalifiserer ikkje lenger til nødpass, etter at nye og strengare reglar tredde i kraft natt til måndag.
NPK-NTB: For å sikre moglegheita for dei som er i ein nødssituasjon, har politiet stramma inn på kriteria for å få nødpass.
– Vi har stor forståing for at mange er fortvila og frustrerte. Det er trist for dei som ikkje får reist på ferien dei har gledd seg til. Men sidan det ikkje er nok nødpass til alle, må vi sørgje for at dei som verkeleg treng det, får det, seier avdelingsdirektør Bjørn Vandvik i politidirektoratet.
No må den som søkjer om nødpass, dokumentere at kriteria er oppfylte. Detaljar om dei nye reglane ligg på nettsidene til politiet.
I tillegg til ferieturar, er bryllaup, dåp og konfirmasjon døme på høve ein ikkje lenger kan få nødpass til. Derimot kan ein få nødpass til desse: Reise heim til bustadland, hente mindreårige barn for retur til bustadland, nødvendig medisinsk behandling i utlandet, alvorleg sjukdom eller skade i nær familie i utlandet, reise i samband med samfunnskritisk funksjon.