nyhende

NPK
Fleire skular etterlyser meir fysiske bøker i skulen

No er dei fysiske bøkene tilbake i skulen

Skjermbruken i skulen aukar samstundes som leseferdigheitene til norske elevar går ned. No snur fleire skular og innfører fleire fysiske bøker til elevane.

Publisert Sist oppdatert
«Utvalet for skjermbruk» konkluderte denne veka med at elevar i norsk skule må lese meir på pair enn på skjerm, skriv NRK.

– Elevane blir stadig mindre og mindre uthaldande når det gjeld å lese over tid. Det å bruke tid på å lese langt er viktig. Der har vi ein stor jobb, seier Steinar Strand Jensen, rektor på Presterød skule i Tønsberg, til NRK.

Fleire skular i Tønsberg har etterlyst meir bruk av bøker på skulen, og politikarane har sett av 5,7 millionar ekstra til dette til og med 2025. Pengane skal også gå til eit oppgradering av skulebiblioteka.

Statsminister Jonas Gahr Støre kritiserte skjermbruken i skulen og sa at motivasjonen til elevane fell når skjermbruken aukar, då han tidlegare i veka samanfatta det politiske halvåret.

– Dette uroar mange foreldre. Målet vårt er å få fråveret ned og konsentrasjonstida opp, sa Støre.

Powered by Labrador CMS