nyhende

På dagen fem år etter at forbodet mot pelsdyrhald vart lansert, blir no den siste pelsdyrgarden i Noreg avvikla. Foto: Alf Ove Hansen / NTB / NPK
På dagen fem år etter at forbodet mot pelsdyrhald vart lansert, blir no den siste pelsdyrgarden i Noreg avvikla.

No er all pelsdyrdrift i Noreg avvikla

På dagen fem år etter at forbodet mot pelsdyrhald vart lansert, blir no den siste pelsdyrgarden i Noreg avvikla.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Trass fleire løfte om eit raskt erstatningsoppgjer, har berre fem av 270 pelsdyrbønder fått endeleg erstatning frå staten.

Forbodet mot pelsdyrhald vart lansert i januar 2018, som del av Jeløya-plattforma til regjeringa Solberg. Berre eitt år tidlegare hadde Stortinget vedteke langsiktige rammevilkår for næringa, etter ein mangeårig og omfattande demokratisk prosess.

– Avviklinga av pelsdyrnæringa kjem til å stå igjen som ein skandale. Prosessen og spelet i dei fem siste åra, har vore endå verre, seier Bertran Trane Skadsem, styreleiar i Noregs Pelsdyralslag, i ei pressemelding.

I motsetnad til Noregs Pelsdyralslag er Dyrebeskyttelsen Norge glade for at norsk pelsdyrdrift endeleg er avvikla

– Denne saka har vi jobba med sidan 70-talet. Det er godt å sjå at arbeidet vårt ber frukter. Dette er ein gledesdag, seier Anne Lise Skoie Risøen, sentralstyreleiar i Dyrebeskyttelsen Norge, i ei pressemelding.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS