nyhende

Eit kalvedekken heldt dyret tørt og varmt og er laga av vatnavstøytande og varmande materiale. Storleiken blir tilpassa med justerbare reimer. Foto: Tore Grødem / NPK
Eit kalvedekken heldt dyret tørt og varmt og er laga av vatnavstøytande og varmande materiale. Storleiken blir tilpassa med justerbare reimer.

– No bør du kle på kalven!

Alt ved 15 varmegrader kan ein kalv oppleve såkalla kuldestress. Det betyr at han brukar meir energi både for å vekse og halde varmen. Det får også konsekvensar for kor mykje mat han treng, seier ekspert.

Publisert Sist oppdatert

– Når eg tek på meg vinterjakka for å gå i fjøset, er det naturleg å tenkje på å kle på dei små kalvane også, seier bonde og mjølkeprodusent Johanne Grødem til Nynorsk pressekontor.

Etter den siste kalvinga i førre helg går det no 14 NRF-kalvar med vinterjakke i familien sitt fjøs på Nærbø på Jæren. Eller frakk, som kalvedekkenet gjerne blir kalla.

Grødem vedgår at ho kanskje er blitt meir blauthjarta med åra, men seier påkledningen også handlar om økonomi og ressursbruk.

– Når kalvane er varme, er teorien at dei brukar mindre av maten me gir dei til å produsere varme, og meir til å vekse. Slik sett er dekken både god økonomi og god dyrevelferd, meiner ho.

Turr og rein

Kuldestress oppstår når dyret må bruke meir energi for å halde normal kroppstemperatur, fortel Atle V. Meling Domke, som er veterinær og førsteamanuensis i besetningsmedisin ved seksjon for småfeforsking og husdyrhelse på NMBU i Sandnes.

– Allereie når temperaturen fell under 15 plussgrader kan ein kalv på to veker måtte byrja å jobbe ekstra for å halde på varmen. Hjå litt eldre kalvar skjer det først når temperaturen søkk under 10 grader. Men det er ikkje temperatur aleine som avgjer om kalven opplever kuldestress. Er kalven i eit fuktig miljø og blaut og skitten, toler han kulda dårlegare. Kalvar bør ha det turt og reint og vere beskytta mot vind og regn, fortel Domke til Nynorsk pressekontor.

Eit dekken beskyttar til ein viss grad kalven frå å bli fuktig og skitten i pelsen, men skal ikkje vera ein kompensasjon for dårleg oppstalling.

Det er difor fleire fordelar ved å kle på dei minste.

– Eit kalvedekken hindrar tap av varme frå kroppen og beskyttar også mot tap av varme grunna vind, akkurat som ei vindjakke. I tillegg beskyttar det til ein viss grad kalven frå å bli fuktig og skitten i pelsen. Men eit dekken skal ikkje vera ein kompensasjon for dårleg oppstalling. Ein må og syte for at dekkenet passar til kalven og sit skikkeleg på, elles mistar det litt av effekten.

Salet aukar

Det var då Johanne Grødem hadde Jersey-kalvar for nokre år sidan, at ho første gong fekk tips om å kle på dyra. Jersey-kalvar er kjent for å vera meir sensitive og å trenge litt ekstra omsut, fortel ho. Sidan har ho halde fram med å bruke dekken, uansett kva for avstamming nye kalvar i fjøset har.

– Når kalvane er varme, er teorien at dei brukar mindre av maten me gir dei til å produsere varme, og meir til å vekse, seier Johanne Grødem.

Det er ho heller ikkje aleine om. Som butikkansvarleg for Bryne Landbruksservice AS ved sida av, har Grødem sett ein tydeleg auke i sal av dekken no når kvikksølvet i gradestokken kryp nedover. Kalvefrakkane finst i fleire storleikar for ulike rasar.

– Me har selt fleire frakkar i det siste, og det ser eg som eit teikn på at fleire har fokus på denne sida av dyrevelferda, uavhengig av om folk har kalvane inne eller ute, seier ho.

Har på dekken i 8-12 veker

Sjølv har Grødem dyra i eit fjøs med isolert tak og rullegardin som beskyttar mot vind og kulde. Temperaturen ligg gjerne mellom fem og ti grader. Sjølv om det aldri har vore under 0 grader i fjøset, kan det bli kjølig om det blæs og er under ti kuldegrader ute.

– Me hadde den første kalvinga 16. desember, og har kledd på alle kalvane me har fått sidan. Så snart kalven er kommen ut og er blitt turr, tek me på frakken, og lét dei stå oppstalla i boksane sine med turr halm.

Dekkenet blir verande på til kalvane er «greitt store», seier Grødem:

– Avhengig av kor store kalvane er blitt og temperaturen ute, har kalvane dekkenet på til dei er ein stad mellom 8 og 12 veker. Når dei tek til å vekse frå jakka, eller temperaturen aukar, tek me dei av.

Meir mjølk

Nettopp av di kalven tapar varme når han er kald, treng han også meir mat for å produsere nok energi. Viss kalven ikkje får nok mat til både å oppretthalde kroppsvarmen og vekse, vil kroppen prioritera å produsere varme. Det gjer han til dømes ved å auke muskelaktiviteten gjennom skjelvingar. Då brukar han opp energi han i staden kunne ha brukt til å vekse, påpeiker Domke:

– Bønder bør difor tenke på at kalvar og unge dyr kan trenge meir mat om vinteren enn om sommaren, ved at ein anten aukar mengda mjølk eller konsentrasjonen på mjølkeerstatninga. Samstundes er det viktig å unngå brå endringar i fôringa. Skal ein auke mengda mat, må ein gjere det i eit fleire dagars perspektiv og ikkje variere frå dag til dag, seier han.

Kalvar og unge dyr kan trenge meir mat om vinteren enn om sommaren, ved at ein anten aukar mengda mjølk eller konsentrasjonen på mjølkeerstatninga.

– Om ein aukar mengda mjølk eller konsentrasjonen brått over ein til to dagar, kan det føre til alvorlege fordøyingsproblem for dyra. Det vil til sjuande og sist bli eit større problem enn at kalven frys. Det same gjeld når ein trappar ned på mjølkemengda.

Kor mykje mjølk ein kalv treng, vil variere med både storleik, rase og alder, om han står aleine og får drikke i fred, eller stadig blir forstyrra. Dei siste åra har ein tilrådd at kalvar bør drikke frå smokk. Domke understrekar at det aller viktigaste er at kalven får drikke seg mett. I staden for å auke mengda mjølk, kan ein også vurdere om ein heller skal gje eit eller fleire ekstra måltid.

Nok drikke

Ved for store mjølkemengder, risikerer ein nemleg også at mjølka blir kald:

– Sidan alt blir raskare kjølt ned om vinteren, er det ekstra viktig å passe på at mjølka er skikkeleg oppvarma før kalven får ho, gjerne til 41–42 grader. Mot slutten av måltidet bør mjølka ikkje ha lågare temperatur enn 38 grader.

Viss kalven ikkje får nok mat til både å oppretthalde kroppsvarmen og vekse, vil kroppen prioritera å produsere varme. Det gjer han til dømes ved å auke muskelaktiviteten gjennom skjelvingar, fortel veterinær Atle Meling Domke.

Ein bør og vera merksam på at kalvar som er sjuke med til dømes lungebetennelse eller mage- og tarmproblem, vil drikke saktare og truleg mindre enn det som trengst. Dei treng ekstra hjelp til å få i seg nok næring, seier Domke:

– Eit anna viktig poeng er at kalvane heilt frå første veke må ha tilgang på tilpassa kraftfôr, godt høy og friskt vatn. Særleg det å drikke nok vatn kan vera vanskeleg på vinteren, både fordi vatnet er iskaldt, eller i verste fall frose.

Powered by Labrador CMS