nyhende

Rebekka Lye og Janina Selsås står foran Extra sin datodisk, både for kjølevarer og utan.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Rebekka Lye og Janina Selsås står foran Extra sin datodisk, både for kjølevarer og utan.

No blir tilbodet av overskotsmat enno større i Sveio

Aukande kostnadar i samfunnet gjer at både kundar og daglegvarebutikkar leiter etter sparetiltak. Å kaste useld mat kostar bedrifter mykje, og no gjer dei meir enn nokonsinne for å spare mat og pengar.

Publisert Sist oppdatert

 Dyrare mat gjer at fleire får auga opp  for daglege sparetiltak. I Sveio kan ein sjå dette i butikkar som til dømes har ein «dato-disk» der varer som nærmar seg utløpsdato ligg til redusert pris, som ein lokal butikksjef seier tømmer seg rykande fort. 

Vestavind har snakka med fleire lokale daglegvarebutikkar for å spørje om deira tiltak mot matsvinn. 

— Det viktigaste er at det ikkje går i bosset, seier Rebekka Lye. 

Ho er butikksjef på Extra Sveio. Som daglegvarebutikk tek dei inn store parti med forskjellige varer, men Lye har fokus på å ikkje bestille meir enn dei treng. 

Datodisk, bonde og app 

Butikken har i hovudsak tre måtar å unngå matsvinn. Ein datodisk, ein bonde som tek i mot maten, og appen «Too Good To Go». 

Det viktigaste er at det ikkje går i bosset

— Me har fast fire posar kvar dag, men det kan auke. Det er forundringsposar kor innhaldet varierer, seier Lye. 

Ho trekk frem at noko fint med ordninga er at varer med kort haldbarheit eller såkalla skjønnheitsfeil også kan hamne i posane. I hennar bransje er det eit kjend fenomen at varer som ikkje ser «perfekt ut» ikkje vert seld like lett. 

Dei får også førespurnader frå skular, noko dei innimellom innfrir. 

— Det var ein skule som fekk masse bananar då dei skulle lære om matsvinn. Dei laga banangraut trur eg, fortel ho. 

Og kvar dag legg dei nye varer i dato-disken, med 40 prosent kutt i pris. Då kan kundar spare pengar, og varen slepp å bli kasta i søppelet. 

— Det er bra at folk som ikkje har så god råd kan få det, seier Janina Selsås, medarbeidar på Extra Sveio. 

Nye tiltak 

Stig Runar Tveit er butikksjef for Kiwi Sveio. Han fortel at også dei gjer mykje for å redusere matsvinn. 

— Kjøledisken med rabatterte varer har alltid vore populær, seier han. 

I den ligg varer som er sete ned med 50 prosent i pris, og ifylgje Tveit ligg dei ikkje lenge. 

— Det ryker ofte med ein gong det som ligg der, seier han. 

Dei har nyleg innført nok eit tiltak, og har enda eit på veg. For om lag tre veker sidan byrja dei å setje fram all dagsfersk bakst frå gårsdagen, til sal for halv pris. 

Stig Runar Tveit vis fram datodisken på Kiwi Sveio.

— Det har blitt ein kjempesuksess, me kastar nesten ikkje brød lengre, seier Tveit. 

Baksten står der berre fram til klokka 12. Då må dei fjerna det grunna ferskheitkrav. 

Det har blitt ein kjempesuksess, me kastar nesten ikkje brød lengre

No planlegg dei å gjere det same med frukt og grønt, og oppstarten vil vere om to veker. Tveit er ikkje sikker på kva prisordninga vert, men trur det blir om lag 10 kronar kiloet. 

Forutan prisavslag som tiltak mot matsvinn, har Kiwi ein avtale med Kirkens Bymisjon i Haugesund. Tre gonger i veka får dei mat frå butikken som går til velgjerdsformål. 

Generelt trur Tveit at folk er positive til sparetiltak. 

Gårsdagens brød står ved sidan av dei ferske brøda.

— Det verkar som om det er kjærkomen, seier han. 

Tveit opplev at det vert godt motteke, og at dei aukande levekostnadane gjer at kundar er meir opptekne av å spare. 

— Det er jo spesielt i desse tider, at folk er litt ekstra bevisst på kva dei handlar, seier han. 

Gir mykje til velgjerd 

Dei tre nærbutikkane i Sveio gjer også sitt bidrag til å redusere matsvinn. 

Åse Marie Økland ved Auklandshamn fortel at dei set ned prisane på varer som nærmar seg dato, donerer mat til bønder for dyrefor, og brukar appen Too Good To Go. 

Laila og Harry Lie på Valevåg prøvde ein liten periode Too Good To Go, men gjer noko anna i dag. 

— Me gir mat til Frelsesarmeen på Stord, noko dei sett pris på, seier Laila. 

Dei set også ned prisar, særleg på ferskvarer. 

Harry Lie og Laila Vikse Lie driv nærbutikken i Valevåg.

— Kremfløyte er jo noko som ofte går to for ein, og då vert jo ein heldig kunde veldig glad, seier ho. 

Joker i Førde har også ein avtale med Too Good To Go, og ein anna matsvinn-app med namn «ThrowNoMore.» 

Kremfløyte er jo noko som ofte går to for ein, og då vert jo ein heldig kunde veldig glad

— Den gjev beskjed til oss når noko nærmar seg dato, så sett me ned prisen, og då får kundane beskjed om kva som ligg ute for sal, seier butikksjef Solveig Fosse. 

— Me gjev også ein del til velgjerd på Stord, seier ho. 

Aldri hatt poser til overs

 Vibeke Grindheim på Haugli bakeri i Sveio kan slå fast at overskotsmat er populært hjå kundane. 

— Då eg byrja her var det to posar dagleg, men eg auka det til tre, seier Grindheim. 

Ho er vikarierande butikkleiar på Haugli i Sveio sentrum, og har jobba her sidan april. Bak seg har ho fleire års erfaring frå Haugli på Amanda. 

Ho kjenner godt til «Too Good To Go»-appen og tiltak mot matsvinn. Leiinga i Haugli har bedt kafeane om å prioritere appen, i tillegg til å ikkje bestille inn meir enn dei kan selje. Sjølv forsøker bakeriet å ikkje lage meir enn kva dei treng. Alternativet er at det seljast til ein bonde eller går i bosset. 

Ein pose står klar for henting.

Grindheim er ikkje i tvil om at resteposar har berre vorte meir og meir populært. 

— Eg har aldri opplevd at ein pose ikkje vert selt. Også når eg legg ut ekstraposar, dei går etter fem minuttar, seier Grindheim. 

Ho trur folk har sett at slike tiltak er noko som bidreg til at korkje magesekk eller lommebok går tom. 

— Det er jo ein fin måte å spare pengar på, seier Grindheim. 

— Verdien på kvar pose er om lag 300 kroner til full pris, og me sel den til om lag 50 kroner, seier ho. 

Spente kundar 

Grindheim forklarar at for dei er matsvinn-appen noko positivt. Som kafé skal dei ha mat og bakarvarer heilt fram til dei stenger, noko som betyr at ikkje alt vert selt. Difor er det bra at dei kan leggje ut bakst som er igjen for sal i resteposar. 

— Eg brukar å blande innhaldet slik at det vert litt av alt i kvar einaste pose, seier Grindheim. 

Nokre gonger hiv ho oppi noko ekstra sjølv om posen har nok i seg. 

Ho synast det kjennest betre enn å berre kasta det. 

Om eg lagar ekstra posar, så legg eg det ut på tilfeldige tidspunkt

— Seier kundar noko til deg i samanheng med appen? 

— Dei seier ting som «spennande, kva får eg i dag?», seier ho. 

Men pågangen er stor og det er mange om beinet. 

— Ofte kjem det nokon inn og seier «aldri er det ledig». Difor, om eg lagar ekstra posar, så legg eg det ut på tilfeldige tidspunkt, seier Grindheim og fortset 

— Då får alle ein sjanse, avsluttar ho. 

Vibeke Grindheim er butikkleiar på Haugli Sveio og opplevd stor pågang frå kundar som ynskjer å kjøpe 2Good2Go-posar.

20 prosent auke i Sveio

— Haugli Bakeri i Sveio og Joker Førde er dei bedriftene i området som i størst grad gjer at overskotsmat kjem forbrukarane til gode i staden for å verte kasta, seier Johan Ingermarsson, dagleg leiar i «Too Good To Go» i Noreg. 

Han trekker også fram Nærbutikken i Auklandshamn og Extra Sveio som to andre bedrifter som bidreg til å redusere matsvinn. 

Dei tre daglegvarebutikkane byrja med appen i 2021, og Haugli Bakeri har nytta appen sidan 2016. 

— Det er bra for miljøet og bra for lommeboka, seier Ingermarsson. 

Vestavind har bedt Too Good To Go hente sine tal frå kommunen, og Ingermarsson seier at Haugli og Joker Førde har selt 838 og 408 posar med overskotsmat så langt i år. 

Ifylgje deira tal har Sveio ein 20 prosent auke i perioden 1. august til 14. oktober samanlikna med i fjor. 

Mykje å spare viss ein planlegg innkjøpa og vel nedprisa varar

— Det er rekordstor interesse for appen no om dagen, seier Ingermarsson. 

Då snakkar han ikkje berre om Sveio, men i heile Noreg. Ingermarsson trur det skuldast fleire årsaker. Fleire bedrifter byrjar å selje overskotsmat, og fleire forbrukarar tek appen i bruk. Og ein kjem ikkje utanom aukande levekostnadar. 

— Det kan virke som prisstigningane på mat, drivstoff, straum og mykje anna gjer at mange vert ekstra bevisste på å kutte ned matbudsjettet sitt. Då er det mykje å spare viss ein planlegg innkjøpa og vel nedprisa varar, seier Ingermarsson. 

Dagleg leiar Johan Ingermarsson i Too Good To Go Noreg seier Sveio har ein auke på 60 prosent samanlikna med ifjor.
Powered by Labrador CMS