nyhende

No blir det betre rettar for alle som mister pakken sin i posten. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
No blir det betre rettar for alle som mister pakken sin i posten.

No blir rettane skjerpa dersom pakken forsvinn i posten

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Regjeringa har konkludert med at selskap som leverer post, også blir omfatta av postlova. Dermed blir rettane til alle som mistar pakkane sine i posten skjerpa.

I 2016 vart postlova vedteken, men det har vore uvisse om leveranseselskapa blir omfatta av lova. Aktørane har vore usamde i lovtolkinga.

No har Samferdselsdepartementet konkludert med at leverandørar av pakkar blir omfatta av denne lova, skriv Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) i ei pressemelding.

– Dei som leverer brev- og pakketenester i Noreg, er seriøse og gode aktørar som ser behovet til kundane, og som er opptekne av at marknaden for denne typen tenester skal vere rettferdig og rett regulert. Vi har derfor tru på at vi kjem til å ha eit godt samarbeid med partane som blir omfatta av dette lovverket, til det beste for kundane, seier seksjonssjef Øyvind Halvorsen i Nkom.

Vedtaket inneber mellom anna at alle som tilbyr posttenester i Noreg, må registrere seg hos Nkom dersom dei leverer pakkar på inntil 20 kg. Som forbrukar får ein også styrkt klagerettane, dersom pakken forsvinn.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS