nyhende

Elevar kan frå skulestart i haust levere eigenmelding på sjukefråvær opp til 10 prosent av timane i eit fag. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Elevar kan frå skulestart i haust levere eigenmelding på sjukefråvær opp til 10 prosent av timane i eit fag.

No blir reglane endra for legeattest for elevar – Legeforeininga er skeptisk

Frå skulestart i år blir fråværsreglane endra i vidaregåande skule. Elevar kan no levere eigenmelding på sjukefråvær opp til 10 prosent av timane i eit fag.

Publisert Sist oppdatert

Leiar Nils Kristian Klev i Allmennlegeforeningen er likevel ikkje heilt nøgd. Han er skeptisk til konsekvensane mot slutten av skuleåret.

– Det er fint at dei gjer noko, og så skulle vi gjerne sett at dei fjerna attestkravet heilt. Det ein gjer, er eit steg i rett retning, men i verste fall kan ein utsetje problemet til nærmare våren, medan ein no har teke det unna fortlaupande, seier Klev til Dagens Medisin.

Grensa for 10 prosent fråvær skal gjelde samla for heile året, ikkje per semester slik som det har gjort til no. Klev fryktar difor eit rush av unge som ber om legeattest fordi dei nærmar seg eller er over 10 prosent fråvær i eit fag mot slutten av skuleåret.

– Ein kan risikere å hamne i ein vanskeleg situasjon når ein skal gjere opp status på våren. Men det er for tidleg å seie noko fullt ut om konsekvensane av dette, seier han.

Legeforeininga og Klev vil ha ordninga med attestering heilt bort.

– Vi skulle gjerne ha sett at det kjem ei endring der attest for sjukefråvær berre er aktuelt i dei få tilfella der det er snakk om reell sjukdom som krev behandling, seier Klev.

Powered by Labrador CMS