nyhende
Haugaland brann og redning IKS:
No blir det tilsyn innomhus igjen – men feiaren er historie
Sidan mars i fjor har brannvesenet berre utført utandørs feiing, men no blir tilsyn med fyringsanlegg i bustader gjenopptatt for fullt. Men først av alt kan gjerne tittelen avklarast, for yrkestittelen feiar er historie. No er det brannførebyggjar som gjeld.
– I ei tid der yrkestitlar blir endra for å gjerast kjønnsnøytrale har òg feiaren fått nytt namn. Sjølv om det ikkje var behov for å kjønnsnøytralisera tittelen, så har Kunnskapsdepartementet endra tittelen for å i større grad gjenspegla arbeidet «feiaren» utfører, står det i meldinga frå det lokale brannvesenet.
Berre feiing siste året
Feiing av skorstein er nemleg berre ein liten del av jobben som blir utført, går det fram.
I Haugaland brann og redning iks blir det normalt sett utført feiing på sommarhalvåret og tilsyn på vinterhalvåret. Med dei nasjonale tiltaka og tilrådingar som har vore siste året, er det valt å berre utføra feiing, og det med restriksjonar for å ta vare på godt smittevern. 2020 vart dermed likevel eit produktivt år, sjølv om tilsynsaktiviteten har vore låg.
Tilsyn med fyringsanlegg
Frå og med måndag 8. februar startar me opp igjen tilsynsaktiviteten. Dei som får tilsyn blir varsla på førehand, og det blir både i varselet og under besøket forklart smittevernsreglene som gjeld. Dei som ønsker å utsetja tilsynet på grunn av at dei er redd for å smitta, eller bli smitta, vil få nytt varsel om tilsyn neste år, eller ta kontakt med brannvesenet for å avtala ny tid.
Følgjande rutinar blir følgde av brannvesenet:
- Me bruker munnbind og eingongshanskar under tilsynet
- Føler me oss ikkje heilt friske så går me ikkje tilsyn
- Me held god avstand når me tar kontakt med bebuar, og vil avklara tilsynet før me går inn i bustaden
- Så langt det er praktisk mogleg vil me prøva å halda ein avstand på 2 meter til bebuar
Me går tilsyn berre i kommunar med lågt smittetrykk.
Pressemeldinga gjeld deltakarkommunane Suldal, Vindafjord, Etne, Tysvær, Sveio, Bokn, Karmøy og Utsira.