nyhende
No blir det gang- og sykkelveg
Endeleg bli det tryggare skuleveg mellom Vikse skule og Straumavegen. 2. juli skal Vestland fylkeskommune opna anboda for gang- og sykkelveg på strekninga. Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Sveio kommune.
Krysset ved Straumavegen og 500 meter derfrå til Vikse skule, er så trafikkfarleg at elevane får skuleskyss. Krysset blir rekna som så farleg at ein lærar følgjer elevane for å sikra at dei kjem trygt over vegen.
Frå januar 2021 får dei som brukar denne delen av Gullvegen som skulevegen, og andre mjuke trafikantar, ein langt tryggare kvardag. Då skal gang- og sykkelvegen vera ferdig, og krysset ved Straumavegen bygd om.
– Det er nok mange som vil spørja kvifor me ikkje bygger gang- og sykkelveg heilt fram til Fv. 47. Pengar er svaret. Dette er det me har pengar til no, seier byggeleiar Bernt Herland i Vestland fylkeskommune.
Kommunen betalar halvparten
Prosjektet hadde ikkje blitt noko av no om det ikkje var for at Sveio kommune går inn og tar halvparten av kostnadane. Herland rosar også grunneigarane som har vore velvillige og gjeve frå seg grunn frivillig.
– 300 meter av Gullvegen skal ikkje endrast. Der vil gang- og sykkelvegen gå på sida av eksisterande veg. På ca. 200 meter skal vegen delvis leggast om. Rundt 70 meter av den kommunale Straumavegen skal leggast om i krysset ved Gullvegen, og det skal byggast to kantstopp i kryssområdet, seier Herland.
Prioritert prosjekt
Ved skulen skal det etablerast eit tilrettelagt krysningspunkt, og heile gang- og sykkelvegen får LED-gatelys samt sikring med Svelvik ellipse, som er eit betongrekkverk.
– Dette er eit viktig tiltak for å trygga skulevegen for elevane på denne strekninga. At kommunen tek 50 prosent av kostnadane bidrar til at fylkeskommunen har prioritert den, seier Tore Johann Enerstvedt, prosjekt- og byggeleiar ved drift og anlegg i Sveio kommune.
Torsdag 2. juli skal anboda på strekninga opnast, og Herland er spent på om dei samsvarar med budsjettet som er på 10 millionar kroner. Arbeidet med prosjektet skal etter planen starta opp i august og vera ferdig 31. desember.
Ny vassleidning og trykkavløp
I tillegg til fem millionar som sin del av gang- og sykkelvegen, har Sveio kommune eit eige budsjett på tre millionar kroner (eks. meirverdiavgift) til ny vassleidning og trykkavløp i traseen. Eksisterande vassleidning som skal fasast ut går langs og over dyrka mark, og er lagt på 80-talet.
– Dette blir gjort for å gje betre leveringstryggleik for vatn, og ikkje minst for å kunna legga til rette for å få private avløpsanlegg over på offentleg avløp. Nye VA- anlegg vil også væra positivt med tanke på eventuelt nye, framtidige bustadområder, seier Enerstvedt.
Det har ikkje vore offentleg avløp i dette området tidlegare. Den nye avløpsleidningen som blir lagt skal koplast opp mot eksisterande avløpsleidning nær Vikse skule. Derifrå vidare mot ny avløpspumpestasjon som skal byggast på nordsida av Viksefjorden til hausten.
Høgspent og fiber
– Kva sparar ein på å gjera dette i samband med vegutbygginga?
– Det er sjølvsagt noko å spara, men eksakt kor mykje har ein ikkje rekna på. Uansett besparelsar er det fornuftig å gjera dette arbeidet samstundes som gang- og sykkelveg blir laga. Det nyttar ikkje koma nokre år etterpå med eit slikt VA-prosjekt når gang- og sykkelveg står ferdig, seier Enerstvedt.
Haugaland Kraft skal også legga høgspentleidning og strekka fiber i same prosjektet