nyhende

Eit arkivbilete frå Sandvikvåg ferjekai.
Eit arkivbilete frå Sandvikvåg ferjekai.

No blir det bøter til dei som køyrer utanom bomsystemet til ferja

Det skjer stadig oftare at reisande ikkje betaler på ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg. No blir det tatt grep for å få bukt med problemet.

Publisert Sist oppdatert

– AutoPASS finst på alle våre 16 riksvegferjesamband. Det er den reisande sjølv som er ansvarleg for å passere registreringspunktet korrekt og ha gyldig elektronisk betalingsmedium (AutoPASS-brikke eller skiltgjenkjenning) etter forskrift om transport med ferje, seier seniorrådgjevar Marte Sørø på ferjeavdelinga i Statens vegvesen, i ei pressemelding.

Marte Sørø, Statens vegvesen.

Tatt på fersken
Det er Torghatten Nord som opererer sambandet på vegner av Statens vegvesen.  Ferjemannskapet opplever at bilistar vel å køyre utanom AutoPASS-registreringa, og at dei dermed bevisst unnlet å betale ferjebilletten.

– Ferjemannskapet har ved fleire tilfelle tatt reisande på fersken, seier driftssjef Reidar Fredriksen i Torghatten Nord Bjørnafjorden. Dette resulterer i at dei aktuelle sjåførane må betale ei tilleggstakst på 2100 kroner – i tillegg til ordinær ferjebillett.

Skannar køyretøy
Torghatten Nord har no starta å skanna køyretøya på bildekket for å kontrollere korrekt betaling. Er det køyretøy som har kjørt utanom AutoPASS-systemet, blir det no avdekt gjennom skanning på bildekk, og det blir skrive ut tilleggstakst.

Statens vegvesen vil også setja inn tiltak på øvrige riksvegferjesamband for å kontrollera at det blir tatt betalt for samtlege køyretøy om bord.

Powered by Labrador CMS