nyhende

Allereie denne veka ryk nokre av dei første landa på Postens liste over fristar for når dei kan garantere at gåvene når fram i tide.
Allereie denne veka ryk nokre av dei første landa på Postens liste over fristar for når dei kan garantere at gåvene når fram i tide.

No begynner det å haste for julegåver som skal sendast til utlandet

Jula nærmar seg raskare enn ein skulle tru. Har du ein onkel i Amerika eller ei bestemor i Belize, må du vere rask om julegåvene skal sendast med posten.

Publisert Sist oppdatert

Allereie denne veka ryk nokre av dei første landa på Postens liste over fristar for når dei kan garantere at gåvene når fram i tide. Fredag og laurdag går fristen ut for mange eksotiske land, og USA er også eitt av landa med ein tidleg frist.

– For å sende julegåver til blant anna USA, Mexico og Marokko, går fristen ut allereie denne veka. Det er framleis mogleg å sende etter dette, men då kan ikkje Posten garantere at pakken kjem fram til julaftan, seier pressesjef Kenneth Tjønndal Pettersen i Posten Bring.

Skal pakkene til eit anna land i Europa, er fristen for dei fleste land sett til 8. desember. I Skandinavia har ein litt betre tid. Då kan ein vente til 18. desember.

Normale fristar på julepost i Noreg

For julekort eller andre helsingar til kjente og kjære rundt om i landet er det normale fristar som gjeld, men oppfordringa frå Posten er likevel å sende nokre dagar før.

– For sendingar innanfor Noreg er fristen avhengig av kor langt du skal sende post eller pakker. Sjekk derfor på Postens nettsider , eller høyr med din lokale hentestad for å vere sikker på sendingsfristen.

Små pakker må vere sendt innan 19. desember om det er innanfor Sør- eller Nord-Noreg. Skal pakkene mellom landsdelar, er fristen 15. desember. For større pakker er det også 15. desember som gjeld.

Postens pressesjef fortel at dersom ein skulle vere seint ute, så har dei også ekspressløysingar. Pakkene kan sendast nærmare jul, men då kan også prisen stige.

– Pakk inn pakkene godt

Skal ein vere heilt sikker på at juleposten når fram til riktig mottakar, kjem Tjønndal Pettersen med nokre tips:

– Sørg for at julegåvene er pakka inn på ein god måte. Unngå gaffateip, erfaringsmessig festar ikkje adressekorta godt nok på denne måten. For å vere heilt sikker er det også lurt å leggje ved ein lapp med avsendar og mottakar inne i pakken du sender.

Powered by Labrador CMS