nyhende

vaksine korona pfizer sprøyte janne dirdal østerli
Illustrasjonsfoto.

No aukar det på med vaksinedosar

Publisert Sist oppdatert

Kommunalsjef Ingunn Toft hadde onsdag ei gladmelding, for no aukar det på med vaksiner.  Denne veka vil det bli sett 72 dosar, neste veke 102 dosar, og veka deretter heile 150 dosar.

– Neste veke startar me på gruppe 4, det er dei alvorleg sjuke mellom 18 og 64 år. Det er ei viktig gruppe, som nesten ikkje har gått ut det siste året. På same tid vaksinerer me gruppa 65-74 år, opplyser Toft.

Powered by Labrador CMS