nyhende

Dagens påske-enquete

Nils Konrad Bua

Nils Konrad Bua frå Buavåg er i dag ordførar i Haugesund og har bakgrunn frå klesbransjen.

Publisert Sist oppdatert
Ordfører i Haugesund Nils Konrad Bua reiser gjerne til London i påsken for ett avbrekk og inspirasjon.

Beste påskemat og påskesnop?
– Då me gjekk på barne- og ungdomsskulen og feira i Suldal, var høgdepunktet i matvegen Toro sin pastacarbonara. Den retten skaper påskeminner for meg og familien. Når det kjem til snop er eg svak for alt av vingummi ein finn i smågodthyllene. Eg burde kanskje avgrense meg til påsken, men det er noko eg et heile året.

Beste påskeminne?
– Det var då me var små. Då reiste familien til Gullingen med familien Habbestad og hadde halve påsken der. Dei minnene om to familier inne på ei bittelita hytte på Gullingen er kanskje det aller beste påskeminnet.

Kva må/pleier du å gjera i påsken?
– Dei siste 10-15 åra har eg hatt ein fast tur til London. Det er eit fint avbrekk. Eg kjem jo frå klesbransjen og motebransjen, og er det ein plass du skal utvida horisonten, så er det London.

Powered by Labrador CMS