nyhende
Nils Fjedle – siste omgangsskomakaren i Sveio
Her om dagen stikk eg som snarast innom til Nils Fjedle på Nordskog. Eg ville spørja han ut om vårsildfisket i Loknavågen og andre vågar langs Sveio-landet – i dei gode gamle dagar.
– Spørja meg om fisket, seier Nils, – eg som har vore landkrabbe all min dag. Nei, då er du ikkje komen til den rette. Det er skomakar eg har vore i mi tid. Og eg er den siste her i vår bygd som har fare på omgang, frå stova til stova med syl og leistahonk.
Nils Fjedle er no ein mykje tilårskomen mann, eller ungkar rettare sagt. Han går i sitt 86. år. Men han er av sterkt folk. Faren, Anders Fjedle, nådde 93 år og farbroren på Åse, han Gamle-Ola, vart innpå 96 år.
Nils har godt minne. Han kan rekkja ettertrådane stødig og greit langt attende. Og dertil er han ein hoggar å ordleggja seg. Det er ei lyst å høyra på han. Men han kjører på at det går hin vegen med minnet. Det går til atters og nedover, seier han.
Fjedle har vore bygslestykke under garden Nordskog. Det gav fôr til to kyr og halv hest. Det var faren, Anders, som først bygsla og sette bu her. Då stykket vart skift frå garden, skulle det ha namn. «De kan kalla det Fjedle, det har ikkje noko anna namn», skal han Anders ha sagt.
Og so vart det. Det ber rett til fjells og. Iminste noko opp i høgda. Solrikt og lunt. Med vent utsyn sør over Nordskogvatnet og Åsegardane.
Bygslemannen skulle svara 3 dalar i pengar årleg og dertil skulde han spa åker to dagar um våren, slå av ein halvdalarteig i slåtteonna og svara to skuradagar om hausten. Når han svara desse krav, sat han herleg fri, Anders Fjedle. Og han sat lenge.
Nils satt i fire år i faren si «bygsel»; so gav han stykket frå og vart sitjande att med husa. For ungkarane må óg ha husvær. Og han sit trygt og fast i Fjedle sin dag ut. Han har sett sylen i veggen, og lagt leistabonka på loftet. Det vert ikkje større meir arbeid av med Nils. Han fôra til nokre sauesmale om sumaren. Det gjer han. Det er litt likare å ha eit kvart livande å sjå til enn inkjevetta.
– Korleis likte du å fara kring som skomakar?
– Det var gilt det. Eg har mange gode minne etter dei dagane. Folket var so gode med meg. Ja, sume kjem meg i hug endå. Det var ikkje nett so store fortenesta, nei. Det var ei kruna paret det. Og kosten. Den tid dei rekna på orter, var det eit ortastykke i arbeidsløn for eit par sko. Ja, det var ei tid, det var ned i 16 shilling og.
Ein raske skomakar kunne arbeida eit par sko til dagen. Det vart ikkje alltid paret heller med meg; slett ikkje i fyrste tida. Men nokre austmenner som for her i skomakararbeid, var svært raske. Dei klara noko på andre paret og dei for dagen. Det var i haust og vintertida, ja, om våren med dette omgongsarbeidet stod på. Jordafolket slakta ei gamal ku eller kviga til huset om hausten. Skinnet reida dei sjølve. Barka det i bjørkebork og vyrdsla det best dei kunde.
Då det best høvde henta dei skomakaren på huset. Det var helst over Emberland, Tjernagel, Bua og sørover Hovda eg for. Det var mi ruta.
Leistar laut skomakaren føra med seg. Det var dei skomakarar som arbeidde leistane sjølve, men det var óg kjøpeleistar å få. Karar me ovstore føter laut halda seg leistar sjølv. Det var fast skikk.
– Det var vel ymse motar med sine krav i den tid og?
– Å ja då! Ei tid var det breitå. Og so kom spisstå. Stundom laut me skjera av leistane og seinare leggja på att. Ein laut fylgja med tida. Ei tid var det høge hælar, men so sokk det ned att. Det var helst kvinnfolka som hadde det i hælane. Gamle folk vilde alltid ha låge hælar.
Det var minste føre å få billege buster til bustleiv å sy med i den tid. Folk hadde det i tankar og reiv av grisen når dei slakta. Og me fekk dei for inkje. Men seinare vart det annleis. Etter eg fekk fast verkstad på Fjedle, laut eg kjøpa bustene får by´n. Då fekk me vita kva dei kosta! Det er mest det dyraste eg har kjøpt. Etter måten då.
– Om ikkje borna var forvitne i den tid og. Og vilde pukka burt i vøldene verkstadenbenken?
– Det var eg aldri plaga av. Eg slapp bruka sylen på borna. Dei kunde sitja tolleg og fint å sjå på. Det gjorde dei.
– Og bordskikken?
– Eg skulle sitja med husbondsfolket til bords. Tenarane, og borna óg sume stader, laut eta med skivo. Skivo var ei bordplata dei slo opp på veggen mellom måltidene. So var den or vegen.
Det gjekk mykje på sild og fisk i den tid. Det var betre tid på sild og fisk då enn no, so var det kjøt om torsdagane og sundagen. Andre mål gjekk det mykje på kaka. So hadde dei kavring til framandfolk. Skiva var sjeldnare å sjå på bordet. Det er fortalt om ein mann at han var så sløsen at han sette garnet sitt ut for elvosen. Lensmannen kom, men karen ville ikkje betala. So måtte han «sitja» for det. Då han kom att, spurde folk korleis han hadde hatt det på turen. Han lelt berre vel. «Det var skiva å få og der. Det fekk eg ikkje heima». So kunde kvar tenkja seg han hadde vore i gjestebod, ja!
– Men kosthaldet kom seg det. Det gjekk fram for kva femte året, kan eg gjerne seia, for kosten sin del var det no verande kor eg kom. Det veit eg.
– Men korleis gjekk det med oppgjeret? Det var mykje so før: «Du frå ha takk så lenge».
– Nei, det var eg ikkje ut for. Eg fekk mitt greitt. Eg hugsar Tomas Nese sa det eingong: «Du har vel aldri vore hjå større fant i arbeid. Eg kjem ikkje til å ha pengar åt deg heller no».
– Ja, er du fant, so er du ein av dei største; eg har aldri høyrt noko fantastykke av deg, svara eg. Eg fekk pengane. Det var kje naud med det.
So var det slutt med å slakta heima. Kyrne skulle til by´n – både dei gamle og dei unge.
Ingen fekk bruk for skomakaren heime i stova til seg. Folk kom til Fjedle med lapping og nytt. Men no går det nedover med siste omgangsskomakaren i Sveio. Han har god tid til å ta seg tanketurar i si gamle ruta. Eit utal av minne stig, og frå alle heimane har han gilde minne.
Kjelde: Kr. S. Haugesunds Avis, 31. januar 1935 (publisert etter avtale)