nyhende

Politi
Politiet meldte tirsdag formiddag at en svart hest ble observert galloperende langs Tittelsnesvegen.

Ni tekne i kontroll i helga

Publisert Sist oppdatert

Laurdag kveld heldt politiet ein trafikk-kontroll langs Tittelsnesvegen, i tidsrommet frå 21.30 til 00.45.

— Dei kontrollerte i hovudsak hastigheita til køyrande, seier Britt Jorunn Løvereide, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

Det gav resultat.

— Totalt vart det ni forenkla førelegg. Ein vart meldt for køyring utan gyldig førarkort, seier Løvereide.

Ein av dei som vart stansa køyrde mykje raskare enn lovleg.

— Høgaste fart som vart målt var 80 kilometer i timen i ei 60-sone, seier Løvereide.

Powered by Labrador CMS