nyhende
Ni nye smittetilfelle i Sveio
Ni nye personar har fått påvist covid-19 i Sveio. Ein av dei smitta er innlagt på Haugesund sjukehus. Smitteutbrotet har samanheng med det siste smitteutbrotet i Haugesund.
Tysdag kveld kom meldinga om det første nye smittetilfellet i Sveio. Torsdag vart nok eit tilfelle stadfesta, og i føremiddag gjekk Sveio kommune ut med at det er ni nye tilfelle. Det er både både unge, vaksne og eldre blant desse. Alle dei 11 smitta i det siste utbrotet er i isolasjon.
Dei fleste har lettare symptom, men ein av dei som er smitta er innlagt ved Haugesund sjukehus. Dei som har fått påvist smitte dei to siste dagane, har nære relasjonar eller er nærkontaktar til dei første to som fekk stadfesta koronasmitte.
Samanheng med Haugesund
Smittetilfella blir sett i samanheng med det siste smitteutbrotet i Haugesund. Ein av dei smitta i Sveio er i nær relasjon til ein av dei smitta i Haugesund. I tillegg er ein person på Askøy knytt til utbrotet i Haugesund og Sveio. Vedkommande har vore i kontakt med miljøet som er smitta i Haugesund.
Tre av dei som har fått påvist smitte i Sveio, arbeider innan helse og omsorg i kommunen.
25 tilsette i karantene
– Omlag 25 tilsette i helse og omsorg er no i karantene. Sveio omsorgssenter og kommunen sine butiltak har innført besøksrestriksjonar på ubestemt tid, seier ordførar Linn Therse Erve.
– Kva får karantene for så mange tilsette å seia for drifta av kommunen sine institusjonar?
– Det er ein ressurskrevjande situasjon, spesielt no midt i ferien. Men me er budd på at det kan komma lokale utbrot, og me har rutiner på korleis det skal handterast. Det blir no jobba godt med å erstatta dei som er i karantenei helse og omsorg, seier ordføraren.
Sveio og Haugesund samarbeider no om smittesporing, og det arbeidet pågår framleis for fullt. Kor mange fleire personar som er testa og skal testas, kan ikkje ordføraren seia noko om i skrivande stund.
Haugesund hadde i går kveld fått stadfesta at til saman ni personar i kommunen er smitta i det siste utbrotet. Dei er alle innanfor same miljø.
Er du forkjølt, skal du i karantene
– Kommunen minner om smitteverntiltak og retningslinene for karantene. Alle personar som har luftvegssymptom skal vere i sjølvpålagt karantene. Det er svært viktig at alle tek omsyn til dette. Sjølvpålagt karantene gjeld om ein berre er litt snufsete, og ein skal ha vore symptomfri i minst 24 timar før ein kan gå ut blant folk igjen, seier ordføraren.
Og ikkje minst: Ta kontakt med testsenteret i Aksdal for testing ved luftvegssymptom. Dette er svært viktig for å få oversikt over om det er andre som kan vera smitta i kommunen.