nyhende

Ni meter unna drikkevatn ligg bildekk og boss

I framtida skal Forevatnet på ny verta ei av to hovudkjelder for drikkevatn i kommunen. Likevel kastar folk boss rett ved sidan av. Me har vore med på søppelsafari rundt Sveio sentrum.

Publisert Sist oppdatert

– Eg fekk ein melding om at eg burde ta meg ein observasjonstur på Paddevegen, seier Rune Thorsen på veg ut av bilen.

Sveibuen er vaktmeister for kommunen og vart tipsa om boss i naturen. Han har teke Vestavind med på tur for å visa særleg tre stadar kor det vert dumpa søppel.

– Det meste er gamalt trur eg, men eg har ikkje saumfara skogen og berre vore langs vegen, seier Thorsen.

Svinesti på Paddevegen

Han tek oss med på ein gamal traktorveg som no har ein haug med grus og stein føre seg, nettopp for at folk ikkje skal kunne køyra inn og dumpa boss her. Forsøpling av naturen er ikkje eit nytt problem, og sjølv om mykje av det ein finn er fleire tiår gamalt, er det også mykje nytt. Innerst på ein sti i Paddevegen ligg det isopor-behaldarar frå hurtigmat og spritflasker som truleg berre er nokre år gamle, og sjølvsagt ein hundepose.

– Eg får vondt i sjela av det, seier Thorsen.

Forsøplinga er eit vanskeleg problem, fordi det blir skapt av individ, men går utover fellesskapet. Samstundes er det grunneigar sitt ansvar å gjera noko med, sjølv om det ikkje er deira skuld.

Viss ein står ansvarleg for eit stort område med allmenn tilgang, til dømes Paddevegen, kan kven som helst utnytta tilgangen for å dumpa boss der. Og ein ting er å plukka plast frå buskar, men motordelar og tyngre saker vert vanskeleg.

– Eg trur 99 prosent av folk ville ha fjerna det om dei kunne, men dei har ikkje utstyr til det, seier Thorsen.

Rett ved skiltet

Etter Paddevegen går turen vidare mot Krossleite. Ved sørgåande busstopp er me nokre meter unna Forevatnet, og mellom oss og vatnet ser me dekk og ein pose med boss.

– Sjå bak busstoppet, seier Thorsen og peikar på enda ein pose med søppel.

Berre ni meter unna ein bosspose med illeluktande søppel står skiltet som seier «DRIKKEVANN». Kvifor det står på bokmål i ein nynorskkommune vert ståande utan svar, akkurat som kvifor bildekk og boss vart kasta så nær kanten av vatnet.

Medan me står der kjem fleire titals bilar køyrande forbi i begge retningar. Nok ein gong vert problemet tydeleg. Det kan ha vore kven som helst som dumpa dette og drog av stad.

– Det er fleire dekk på siste stad, seier Thorsen.

«Bildekkhotell» på Tveit

Me køyrar til ein gamal gangsti på Tveit, som Vestavind tidlegare har skrive om. Her ligg det framleis mykje boss i nedslagsfeltet til Forevatnet, og denne gongen finn me noko nytt.

– Kom inn her, seier Thorsen, og snik seg inn mellom nokre greiner.

Bak nokre tre kan me sjå stien, og i ei parallell grøft ligg det dekk, mange dekk!

– Bildekkhotell på Tveit, humrar Thorsen.

Etter nærare inspeksjon kjem me fram til at det faktisk er heile 18 dekk som ligg der.

Vanskeleg å løysa

Hausten 2022 vedtok kommunestyret å bygga nytt vassbehandlingsanlegg ved Forevatnet til 36 millionar kroner. Det skal på ny verta ei av to hovudkjelder til drikkevatn i kommunen. Prøvar tekne i 2022 viser god kvalitet på vatnet, så det er ikkje noko teikn til innverknad frå forsøplinga så langt.

Thorsen håpar forsøplinga kan gjerast noko med, og fortel at det ikkje er kommunen si oppgåve, sjølv om han skulle ynskje han kunne ha nytta arbeidsdagen til å fjerna bosset. Einingsleiar Frederik Aalo Flood forklarar nærare kvifor det ikkje er så enkelt.

– Det er i utgangspunktet den som forureinar som skal rydda opp i bosset sitt, men det kan jo vera vanskeleg å vita kven sitt boss det eigentleg er. Då vert det grunneigar sitt ansvar, skriv Flood i ein epost.

Spesielle tilfelle

Eit anna problem kan vera at dei som forsøplar «lønnast» viss kommunen gjer det til sitt ansvar. Då vert det berre å dumpa kva ein vil i naturen, og så må kommunen nytta folk og ressursar dei treng andre stadar. Flood erkjenner likevel at det nokre gonger kan gjerast unntak.

– I spesielle tilfelle kan det vera naudsynt at det offentlege gjer noko med saka, skriv han.

Einingsleiaren fortel vidare at det er ikkje noko fastsette krav for når kommunen kan gripa inn, men at det må gjerast ei heilskapleg vurdering.

Powered by Labrador CMS