nyhende
Nettselskapet: — Fare for straumbrot – og det kan bli langvarig
Fagne (tidlegare Haugaland Kraft Nett) reknar med at det vil skje straumbrot i deira nett som følgje av uvêret som har treft regionen laurdag ettermiddag.
— Fagne har auka beredskapen og vi reknar med at det kan oppstå straumbrot som følgje av den kraftige vinden, skriv selskapet i ei pressemelding laurdag ettermiddag.
Selskapet skriv at i situasjonar med sterk vind er det svært krevjande å utbetre feil.
— Tryggleiken til våre tilsette er alltid høgast prioritert, så det er difor sannsynleg at utbetring av feil under den varsla vinden vil ta lengre tid enn normalt, skriv selskapet.
Selskapet rår kundane til å ha dette på plass i tilfelle straumstans:
- Alternativ oppvarming, til dømes vedfyring
- Batteri-lommelykt
- Naudsynte medisinar lett tilgjengeleg
- Reint vatn lagra med litt ekstra mat/tørrvarer
- Fullada mobiltelefon med ekstra powerbank (ekstern batterikjelde)
- Batteriradio for å høyre på nyhende kan vere nyttig om andre informasjonskjelder ikkje fungerer.
Fagne ber deg varsla frå om du observerer straumbrot eller skadar på straumnettet.
— Ikkje nøl med å kontakte oss på telefon 987 05271, skriv dei i meldinga.
Og dei legg til:
- Aldri flytt på leidningar/kablar som ligg på bakken. De er kan vere livsfarleg.
Straumen gjekk i Vindafjord
Det første strømbrotet var eit faktum allereie klokka 15.29 laurdag, då nesten 400 kundar vart råka av straumbrot i Vindafjord.
Informasjon om straumbrot og status om pågåande utbedringer finner du her.