nyhende

Nettleige er prisen du som kunde betaler for infrastrukturen som fraktar straumen heim til deg. Foto: Marius Helge Larsen / NTB / NPK
Nettleige er prisen du som kunde betaler for infrastrukturen som fraktar straumen heim til deg.

Nettleiga aukar så snart straumstøtta er over

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: 1. april aukar fleire nettselskap nettleiga, og det er òg venta ein kraftig auke i elavgift, skriv Aftenposten.

Prisen på nettleiga til folk kan auke med mellom 10 og 15 prosent, ifølgje avisa. Nokre nettselskap auka prisane sine allereie 1. februar.

Regjeringas straumstøtte varer i utgangspunktet fram til utgangen av mars.

På grunn av den kraftige auken i straumprisane på slutten av fjoråret, vart kostnadene for nettselskapa ved tap av straum i nettet mykje større i 2021. I tillegg hadde mange av nettselskapa planlagt innføring av ein ny modell.

– Vi hadde opphavleg planlagt ein auke i nettleiga på cirka 7 prosent i samband med innføring av ny nettleigemodell ved årsskiftet. Så vart innføringa av den nye modellen utsett til 1. juli. Vi har derfor valt å utsetje prisauken til 1. april, seier kommunikasjonssjef Morten Schau i Noregs største nettselskap Elvia til avisa.

Også den statlege elavgifta går opp frå april til 19,26 øre/kWh inkludert merverdiavgift. Det inneber ein auke på 73 prosent frå nivået i vinter. Men samtidig er dette òg ein reduksjon på nesten 8 prosent samanlikna med same månad i fjor.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS