nyhende
Nestenulukke mellom barn og bil etter fotballtrening – ynskjer meir lys på staden
Mørketida stoppar ikkje idretten, men manglande lys mellom Sambrukshuset og kunstgrasbanen skapar farlege forhold etter trening. Nyleg gjekk det nesten galt.
Den daglege leiaren i Sveio IL var inne på Sambrukshuset ein kveld, då ho fekk høyra om kva som heldigvis ikkje skjedde. Seint på kvelden med dårleg sikt var det ei nestenulukke mellom ein bil og eit barn på strekninga mellom kunstgrasbanen og Sambrukshuset.
– Der er det bekmørkt mellom dei to stadene, seier Rommetveit.
I etterkant skreiv ho ein epost til kommunen der ho oppmodar om å gjera eit tiltak raskt. Den daglege leiaren forklarar at forholda dessverre ligg godt til rette for skumle episodar.
– Du kan sjå får deg at eit heilt lag skal gå frå banen og bort til Sambrukshuset, og så har dei ikkje refleksvest på seg og er ikkje synleg, seier ho.
Torsdag den 16. november, på veg til kveldsmat på Sambrukshuset, gjekk det nesten galt.
– Då var det ein bilist som måtte bråbremsa, seier Rommetveit.
Barn forstår gjerne ikkje risikoen av å ikkje vera forsiktig rundt bilar, og for sjåførar som skal gjennom strekning er det svært mange omsyn å ta i mørket.
– Kjem ein køyrande der sjølv så er det masse å forholda seg til, seier ho.
Heldigvis gjekk det bra. Rommetveit håpar kommunen kan senda nokon til å vitja strekninga på kveldstid då det er mørkt.
– Det hadde vore flott. For det er lys i frå Vigdartun og bort eit stykke, men akkurat der med garasjen, der er det bekmørkt, avsluttar ho.