nyhende

Sveio skuleBallbinge
Her kjem den nye ballbingen.

Nesten tre gonger så stor!

Maskinarbeid pågår for tida ved Sveio skule. Der skal det kome ein ny ballbinge, som vert mykje større enn den eksisterande. — Denne er ein del større, seier Andreas Ekrheim i Sveio kommune.

Publisert Sist oppdatert

— Det er ein stund sidan det var bestemt kven som skulle gjera det, seier Andreas Ekrheim frå Sveio kommune.

Han er prosjekt og byggeleiar for kommunen, og fortel at planlegginga rundt ein komande ballbinge har gått fint.

1,7 millionar

Kontrakten for grunnarbeidet gjekk til Geir Flatnes AS, og sjølve ballbingen skal setjast opp av selskapet Safe Play.

— Kontraktsummane er på cirka 1,7 millionar samanlagt, seier han.

Frå før står det ein ballbinge på skuleplassen, men ifølgje Ekrheim vil den nye ha meir plass.

— Dei har ein liten ein. Denne her er ein del større. Den er vel nesten tre gonger så stor, seier Ekrheim.

— Når vert den ferdig?

— Det vert nok før sommaren. Planen er å vera klar til juni, svarar han.

Gler seg

Arbeidet har hittil gått fint. Ekrheim forklarar at det har vore ein del straumleidningar i bakken å ta omsyn til, men at det ikkje har vore noko problem.

Rektor Lene Lier ved Sveio skule gler seg til den er ferdig.

— Då er oppgraderinga av uteområdet ferdig, og me får ein flott og stor ny ballbinge, seier Lier.

Ho fortel at den eksisterande ballbingen skal bli verande.

Powered by Labrador CMS