nyhende
Nesten like mange drukna i juli som heile første halvår
15 personer mista livet i drukningsulykker i Noreg i juli, viser Redningsselskapet sin drukningsstatistikk. I perioden januar til og med juni omkom 16 personar i drukning.
Ulykkene i juli skjedde i heile landet og omfatta både bading, fritidsbåtbruk, dykking og fall frå land.
– Medan drukningstala første halvår gav grunn til forsiktig optimisme, blei juli dessverre ei påminning om kor raskt bildet kan snu, seier Tanja Krangnes, fagsjef for drukningsforebygging i Redningsselskapet.
Fellesferie kombinert med høge temperaturer og lite nedbør i store delar av landet har gjort juli til ein månad med svært høg aktivitet på og i vatn – og dermed også auka risiko for drukningsulykker.
Eldre vaksne mest utsette
10 av de 15 personene som mista livet i juli var mellom 60 og 92 år. Sju av desse ulykkene skjedde under bading.
– Me ser særleg ei auke i badeulykker blant eldre i varmt sommarvêr, ofte med tragisk utfall, slik me også opplevde under hetebølga i juli 2018. Mange kan ha svekka fysikk, underliggande sjukdommar eller dårlegare svømmeferdigheiter enn tidlagare i livet. For fleire kan det vera lenge sidan dei bada sist. Eit illebefinnande i vatnet, som svimmelheit eller hjerteflimmer, kan då få alvorlege følger – særlig om ein badar aleine, seier Krangnes.
Drukningsforebygging retta mot eldre
– Drukningsforebygging må fortsatt prioriterast høgt gjennom heile året, og eldre må i større grad nås med målretta tiltak og informasjon. For å lykkast, trengs det tverrsektorielt samarbeid, og me bør involvera dei som allereie møter aldersgruppa i kvardagen, som fastlegar, apotek, pensjonistforeiningar og båtforeininger, sier Krangnes.
Redningsselskapet oppfordrar alle til å bruka godkjent redningsvest i båt, unngå å bada aleine og vera varsam med alkohol i forbindelse med vassaktivitetar. Tilpass aktivitetane etter eigen form og ferdigheiter.
Om ulykkene i juli
14 menn og éi kvinne drukna i juli. Den yngste var 20 år, mens den eldste var i 90-åra.
Bading
- Vestland: Mann i 70-åra mista livet i ei badeulykke i sjøen i Stord kommune.
- Rogaland: Mann i 70-åra omkom under bading i sjøen i Karmøy kommune.
- Oslo: Mann i 70-åra mista livet under bading i sjøen i Oslo kommune.
- Innlandet: Kvinne i 70-åra mista livet i forbindelse med bading i eit vann i Nord-Odal kommune.
- Vestfold: Mann i 80-åra omkom under bading i eit vann i Tønsberg kommune.
- Vestfold: Mann i 60-åra omkom i forbindelse med bading i sjøen i Sandefjord kommune.
- Møre og Romsdal: Mann i 70-åra mistet livet under bading i sjøen i Tingvoll kommune.
- Buskerud: Mann i 30-åra druknet under bading i eielv i Ringerike kommune.
Fritidsbåt og kajakk
- Trøndelag: 92 år gammel mann fra Danmark omkom etter at ein båt med to personar om bord kantra på elva Namsen. Èin person overlevde.
- Trøndelag: Ein tysk mann på 20 år omkom i en kajakkulykke i elva Driva i Oppdal kommune
- Nordland: Mann i 50-åra ble funnet omkomen i eit vann i Sørfold kommune, etter å ha blitt meldt sakna då han ikkje kom tilbake frå ein fisketur med båt.
- Nordland: Ein mann i 70-årene fall i sjøen og omkom då han skulle ned til båten sin i Helligvær i Bodø kommune.
Tre andre drukningsulykker:
- Rogaland: Ein person blei funne livlaus i sjøen ved ei øy i Stavanger kommune. Kva som har hendt er foreløpig ikkje kjent.
- Nordland: Mann i byrjinga av 60-åra omkom i ei dykkerulykke i Herøy kommune.
- Telemark: Mann i 40-åra fall i vatnet og omkom i forbindelse med arbeid ved ein campingplass i Midt-Telemark kommune.
Sjå detaljert statistikk for juli og heile 2025 på rs.no/drukning.