nyhende

Grunnskulene i Sveio får nesten 100.000 kroner meir til samisk språkopplæring seier regjeringa.ILLUSTRASJON: THOMAS VALLESTAD DRAGESET.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Grunnskulene i Sveio får nesten 100.000 kroner meir til samisk språkopplæring seier regjeringa.ILLUSTRASJON: THOMAS VALLESTAD DRAGESET.

Nesten hundretusen meir til samisk undervisning i Sveio

Auka tilskot for samisk i grunnskulen gjev Sveio kommune 97. 570 kroner meir til opplæring.

Publisert Sist oppdatert

Statsbudsjettet i 2023 auka midlane til samisk i grunnskulen med 17,5 millionar kroner. Mesteparten av dei går til andre områder i landet, mellom anna Kautokeino, Oslo og Tromsø.

Sveio er også ein av stadene som får auka tilskot. Kommunen får no 97.570 kroner meir enn året før, som til saman vert 187.286 kroner.

Grunnskulen i Sveio har eit fåtal elevar som har undervisning i samisk.

– Opplæringa vert gjeve gjennom fjernundervisning frå Samisk vidaregåande skule i Karasjok, skriv Bjarte Stølås Storli i Sveio kommune.

Antal samiske i Sveio er vanskeleg å nøyaktig slå fast. Oftast kan manntalet til Sametinget nyttast. Men, dette er noe ein sjølv må melda seg inn i og berre for personar over 18 år.
Sist tilgjengelege tal for 2021 viser sju innmeldte i manntalet som var busett i Sveio.

I 2022 var tilskotet på 89 716 kroner. Tilskotet representerer ei dobling til samisk opplæring i grunnskulen i Sveio, noko kommunen meiner er ein god nyheit.

– Det er da veldig kjekt, seier Petter Steen, rådgjevar ved skulekontoret i Sveio kommune.

Han fortel at pengane vil framleis gå til det same.

– Me har ikkje nokre planar om anna enn kjøp av språktenester, seier Steen.

Powered by Labrador CMS