nyhende

I sommartrafikken omkom 30 personar, sju av dei i august. Totalt har 67 personar mista livet i trafikken i år, ein nedgang frå 73 personar i same periode i fjor.
I sommartrafikken omkom 30 personar, sju av dei i august. Totalt har 67 personar mista livet i trafikken i år, ein nedgang frå 73 personar i same periode i fjor.

Nesten halvparten av dei trafikkdrepne i år har mista livet i sommarmånadane

I sommartrafikken omkom 30 personar, derav sju i august. Totalt har 67 personar mista livet i trafikken i år, ein nedgang frå 73 personar i same periode i fjor.

Publisert Sist oppdatert

– Farten aukar på sommaren, og nesten halvparten av dei omkomne så langt i år har mista livet i dei tre sommarmånadene. Det har ramma Nord-Noreg ekstra hardt, og vi registrerte tilsvarande utvikling også i fjor. Sommaren i nord byr på flott natur og vakre omgivnader, men stor ferietrafikk på smale og dårlege vegar gjer køyreforholda krevjande, seier Bård Morten Johansen fagsjef i Trygg Trafikk i ei pressemelding.

Tal frå Statens vegvesen viser at det generelle fartsnivået aukar på sommaren, og politiet varslar fleire bøter og førarkortbeslag i same periode.

– Det er eit problem at folk vel å auke farten om sommaren. Det er meir trafikk på vegen, og mange er ute på strekningar dei ikkje er kjende med. Fart er ein vesentleg grunn til at ulykker skjer, og har stor negativ påverknad på kor alvorleg skadane blir når ulykka først har skjedd, åtvarar Johansen.

Det er flest vaksne menn over 60 år, som har døydd i trafikken i sommar. I tillegg utgjer motorsyklistar nesten halvparten av dei omkomne.

Powered by Labrador CMS