nyhende

Foto: Frende Forsikring

Nesten éin million bilskadar i fjor – og flest på fredagar

Publisert Sist oppdatert
NPK: Tal frå Finans Norge viser at det i 2021 blei meldt 951.814 skadar med motorvogn til norske forsikringsselskap.

Det skriv Frende Forsikring i ei pressemelding.

875.000 av dei 951.814 skadane med motorvogn var med personbil og varebilar under 3,5 tonn.

Flest trafikkuhell skjer det på fredagar, fortel fagsjef på motor i Frende Forsikring, Roger Ytre Hauge.

– Generelt skjer det fleire trafikkuhell på fredagar. Grunnen er meir trafikk, at mange vil fort heim til helgefri, eller at vi skundar oss litt for mykje på veg til hytta. Om du er skikkeleg uheldig kan både helga og bufferkontoen ryke. Då sparar du i alle fall ikkje tid.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS