nyhende

Ost og osteprodukt er blant matvarene som har hatt størst prisvekst. lllustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Ost og osteprodukt er blant matvarene som har hatt størst prisvekst.

Nesten ein av tre er svært bekymra for matprisane

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: 29,9 prosent er svært bekymra for dei høge matvareprisane, viser ei undersøking. Forskar meiner styresmaktene må komme på banen med tiltak.

9 prosent svarer at dei er heilt ubekymra for matvareprisenen.

Undersøkinga er gjennomført av InFact for Nationen 10. mars, og 1.015 personar er spurde. Det er ein feilmargin på 3 prosent.

Frå januar og februar steig matvareprisane med 4,5 prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Ost og osteprodukt, kaffi, pasta, iskrem og hermetisk frukt er varegruppene som har hatt størst prisoppgang.

Gjeldsforskar Christian Poppe ved Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved Oslomet seier til avisa at det ikkje er sikkert at prisauken vil påverke det fleste nordmenn sidan det har vore to år med pandemi og fleire har spart pengar.

Han er derimot meir bekymra for dei som allereie har ein snever økonomi, der auka matprisar kjem på toppen av auka prisar på straum, drivstoff og generell prisvekst. No meiner Poppe styresmaktene må komme på banen med tiltak som treffer dei som har det verst.

– Det er viktig at pengane som staten tener, mellom anna på straumsal, olje og gass, blir tilbakeførte til norske hushald ved til dømes at avgifter blir sett ned. No får ein fråtrekk på straumrekninga, men ein kan sikkert òg gjere noko med avgiftene på bensin og diesel, der prisane har gått opp noko veldig, eller på andre måtar kompensere for dette, seier forskaren.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS