nyhende

DAT flyg i dag 16 rundturar per veke på Osloruta med flytypen ATR-42 som har 48 passasjerseter. Foto: Thomas A. Hjelmen
DAT flyg i dag 16 rundturar per veke på Osloruta med flytypen ATR-42 som har 48 passasjerseter.

Nesten dobla trafikk på Stord lufthamn i fjor

I 2025 nytta 52.661 personar seg av Osloruta til DAT. Samanlikna med 2024 utgjer dette ein auke på 16.298 personar, eller 44,8 prosent.

Publisert Sist oppdatert

Kabinfaktoren på Osloruta var i 2025 på 71,7 prosent. I veke 52 var den heile 86,6 prosent. Til samanlikning var kabinfaktoren i 2024 på 62,2 prosent, skriv Stord lufthavn i ei pressemelding.

DAT flyg i dag 16 rundturar mellom Stord og Oslo per veke på Osloruta med flytypen ATR-42 som har 48 passasjersete.

Årsaka til den store trafikkveksten er at flyruta no er ein del av dei statlege FOT-rutene. Noko som betyr god frekvens på flyruta samt konkurransedyktige billettprisar.

Dagens FOT-rute går fram til oktober 2027. Lufthamnselskapet har alt starta arbeidet med å sikra at flyruta Stord-Oslo også vert inkludert i det neste FOT-rute anbodet.

Powered by Labrador CMS