nyhende

Dei fleste kundane som ikkje hadde fått straumen tilbake i 13.00-tida laurdag bur i Sveio. Kart: Fagne
Dei fleste kundane som ikkje hadde fått straumen tilbake i 13.00-tida laurdag bur i Sveio. Kart: Fagne

Nesten 1.700 blei straumlause på grunn av uvêret

Uvêret førte til at mange blei straumlause natt til laurdag. I Sveio venta 660 kundar framleis på straumen klokka 13.00.

Publisert Sist oppdatert

SISTE: Klokka 16.42 blei det siste raude området i Sveio på Fagne sitt kart fjerna då 34 kundar i delar av Våge og Gullvegen fekk straumen tilbake. Då hadde dei vore utan straum sidan 00.36 natt til laurdag.

Fagne meldte laurdag formiddag at dei rekna med at alle straumlause Haugaland Kraft-kundar i Sveio ville ha fått straumen tilbake innan klokka 16.00.

Det klokkeslettet blei etter kvart endra til 17.00. Like før klokka 16.30 fekk 36 kundar rundt Rød straumen tilbake som det nest siste området.

626 utan straum i Sveio laurdag morgon

Laurdag morgon var nesten 1.700 av Haugaland Kraft sine kundar utan straum. Klokka 13.00 var talet redusert til 691, og neste alle desse bur på strekninga Buavåg, Tjernagel, Auklandshamn og Vestvik, samt delar av Våge og Gullvegen. I Førde har dei fått straumen tilbake.

For dei 660 kundane som framleis er staumlause i Sveio, er det håp om å få straumen tilbake rundt klokka 16.00, melder Fagne på si nettside.

Kart og oppdateringar for områda finn du her.

Til Haugesunds Avis seier kommunikasjonsansvarlig i Fagne, Gunn Margareth Lassesen, at det er to typar feil: Vind, som fører til for eksempel velta tre, og salt.

I ytre strok tar vinden med seg sjøvatn som legg seg som eit belegg på straumkablane.

– Då blir det straumbrot, seier Lassesen til Haugesund Avis, og håper på meir regn slik at saltet blir vaska av.

Powered by Labrador CMS