nyhende
Demensaksjonen 2022:
Neste veke ringer dei kanskje på døra di
Neste veke arrangerer Nasjonalforeningen for folkehelsen Demensaksjonen. Einstadbøvoll helselag håpar alle i Sveio støttar opp om arbeidet når dei kjem rundt med bøssene.
— Demens er ein dødeleg hjernesjukdom som grip brutalt inn i kvardagen både til dei som har demens og deira pårørande. Det vil krevje stor innsats i åra som kjem, før vi klarer å stoppe eller bremse Alzheimers sjukdom og andre demenssjukdomar, seier leiar Kari Våg Lie i Einstadbøvoll helselag i ei pressemelding.
Ho seier at Demensaksjonen gir deg høve til å støtte livsviktig forsking.
— Fleire forskarar ser det no som sannsynleg at vi vil kunne knekke demenskoden. Vi ser fram til den dagen vi ikkje treng å bekymre oss for demens, men for å kome dit, må det meir forsking til, seier ho.
Det er denne forskinga Nasjonalforeningen for folkehelsen samlar inn pengar til gjennom Demensaksjonen.