nyhende
– Neste gong ska eg hoppa frå bassengkanten!
I Valestrand barnehage er det nå seks barn i alderen 4-5 år, som får symjeundervisning i bassenget på Sveio skule.
– Me opplever det som svært positivt. Ikkje alle er like trygge i vatn, men det at me er fleire saman gjer at dei dreg kvarandre litt med, seier avdelingsleiar i Valestrand barnehage, Ida H. Dragvoll.
Kombinerer med bibliotekbesøk
Ho deltek sjølv i aktiviteten saman med ein kollega. Opplegget går over 10 torsdagar, og barnehagen kombinerer badinga med bibliotekbesøk.
Ifølgje Dragvoll blei det klart alt etter første gongen i bassenget, den 4. november, har borna blitt mykje modigare.
– «Neste gong ska´ eg hoppa frå bassengkanten»! kom det entusiastisk frå dei tøffaste, før augo datt igjen på heimturen, refererer Dragvoll.
Tilskot til symjeundervisning
Valestrand barnehage og Læringsverkstedet Ekrene barnehage er tildelt 23 400 kroner frå Statsforvaltaren Vestland. Pengane er øyremerka symjeopplæring.
Sveio kommune har søkt om symjemidlar for til saman 12 born i dei to barnehagane. Tilskotet blir gjeve etter ein fast sats per born. I 2021 er satsen sett til 1 950 kroner.
Valestrand barnehage fekk tilskot i 2020, men har fått overføra ubrukt del av dette tilskotet til i år. Pengane skal nå brukast ved at tre fireåringar skal symja saman med femåringane dei no søkjer om tilskot til i 2021. For barn i LV Ekrene barnehage vart det ikkje søkt om midlar til dette formålet i fjor.
Formål og føresetnader
Målet med symjeundervisning er å gjera borna tryggare i og ved vatn slik at dei skal bli betre til å symja. Tilskotet skal bidra til at kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar kan gjennomføra tiltak for å gi born i alderen 4-6 år i barnehagar tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn.
Opplæringa skal skje i barnehagen si opningstid og skal i hovudsak gå føre seg i basseng. Dersom det er problem med bassengtilgang, kan tilskotet brukast til symjing i sjø og innkjøp av våtdrakter. Midlar kan òg brukast til å dekka reiseutgifter til/frå symjehall. Jenter og gutar skal ha eit likeverdig tilbod.