nyhende

Politiet meiner bilføraren ikkje stoppa framfor dette skiltet.
Politiet meiner bilføraren ikkje stoppa framfor dette skiltet.

Nekta å vedta førelegg

Ti minuttar over midnatt natt til måndag blei ein bilførar stoppa av politiet ved Haukås-krysset.

Publisert Sist oppdatert

Etter politiet si meining stoppa ikkje bilføraren framfor stoppskiltet i krysset. Difor skreiv dei ut eit forenkla førelegg. Mannen i byrjinga av 60-åra var av ei anna meining og nekta å vedta førelegget. Han blir dermed meld for forholdet, opplyser vaktsjef Nina Fagerland ved Haugesund politistasjon.

Powered by Labrador CMS